Innhaldskontroll
Ein innhaldskontroll er ein plasshaldartekst der det gjeldande innhaldet vert byt ut når du trykkjer på kontrollen. Innhaldskontrollar er individuelle kontrollar som kan leggjast til og tilpassast for bruk i malar, skjema og dokument. Innhaldskontrollar kan innehalda instruerande tekst og verta sett slik at kontrollane forsvinn når brukarane skriv inn sin eigen tekst.
Innhaldskontrollane har mange eigenskapar og liknar på dei eldre kontrollane, men kan vera enklare å arbeid med og formatera.
Rik tekst
Inneheld brukardefinert formatert tekst eller andre element, for eksempel tabellar, bilete eller andre innhaldskontrollar.
Rein tekst
Ein innhaldskontroll i rein tekst er avgrensa til rein tekst i eitt eller fleire avsnitt. I motsetnad til rik tekst, kan han ikkje innehalda andre element, for eksempel tabellar, bilete eller andre innhaldskontrollar.
Bilete
Inneheld eitt enkelt bilete forankra som tekn. Trykk på innhaldskontrollen for å opna dialogvindauget for å kunna byta ut plasshaldaren for biletet.
Avkryssingsboks
Inneheld eit enkelt avkryssingsboksteikn å samhandla med. Ved å klikka på innhaldskontrollen byter du tilstanden til avkryssingsboksen.
Kombinasjonsboks
Inneheld ei nedtrekksliste med listeoppføringar som du kan velja mellom, og tekstboks som du kan redigera direkte.
Nedtrekksliste
Inneheld ei nedtrekksliste med knappekontrollar med ei liste over visingstekst og verdipar. I motsetnad til i ein kombinasjonsboks, kan brukaren ikkje skriva inn sjølvvalde data i nedtrekkslista.
Dato
Inneheld ein kalenderkontroll. Avgrensar tekst til eitt enkelt avsnitt.