Tekstobjektlinja
Inneheld formateringsfunksjonar for tekst i teikneobjekt. Tekstobjektlinja vert vist når du dobbeltklikkar inni eit teikneobjekt.
Skrifttypenamn
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver Collabora Office dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Skriftstorleik
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Halvfeit
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Kursiv
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Viss tekstmarkøren ikkje er inne i eit ord, og ingen tekst er markert, vert skriftstilen brukt på den nye teksten du skriv inn.
Heva skrift
Forminskar skriftstorleiken for den markerte teksten og lyfter teksten frå grunnlinja.
Senka skrift
Forminskar skrifta for den markerte teksten og senkar ho under grunnlinja.
Blokkjustert
Blokkjusterer det/dei valde avsnittet/avsnitta til begge margane. Du skal også kunna setja opp justeringsinnstillingar for den siste linja i eit avsnitt ved å velja Format → Avsnitt → Justering.
Støtte for asiatiske språk
Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i Collabora Office → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språk og nasjonale innstillingar → Generelt.
Merk alt
Merk alt innhaldet i fila, ramma eller tekstobjektet.
Teikn
Endrar skrifta og skriftformateringa til teikna.
Avsnitt
Her kan du velja innrykk, avstandar, justering og linjeavstand for det valde avsnittet.

