OLE-objektlinja
OLE-objekt-linja vert vist når eit objekt er merkt. Ho inneheld dei viktigaste funksjonane for formatering og plassering av objekt.
Inga tekstbryting
Plasserer objektet på ei eiga linje i dokumentet. Teksten i dokumentet vert lagt over og under objektet, men ikkje ved sidene av det.Dette valet finn du òg på fana Tekstbryting.
Tekstbryting
Bryt teksten på alle fire sidene av objektramma. Dette ikonet svarar til valet Tekstbryting på sida, som du også finn under fana Tekstbryting.
Tekstflyt
Set objektet framføre teksten.Dette valet finn du òg på fana Tekstbryting.
Venstrejuster
Juster venstrekantane på dei merkte objekta. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert venstrekanten på objektet justert til venstremargen på sida.
Midtstill vassrett
Midtstiller objekta langs ei vassrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert til det vassrette midtpunktet på sida.
Høgrejuster
Justerer høgrekantane på dei merkte objekta. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert høgrekanten på objektet justert til høgremargen på sida.
Toppjustert
Juster dei øvre hjørna på dei merkte objekta langs ei loddrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert toppkanten til objektet justert i høve til toppmargen på sida.
Juster loddrett midtstilt
Midtstiller dei merkte objekta loddrett. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert midten av objektet justert i høve til den loddrette midtlinja på sida.
Botnjuster
Juster dei nedre hjørna på dei merkte objekta langs ei loddrett linje. Dersom berre eitt objekt er merkt i Draw eller Impress, vert den nedre kanten til objektet justert i høve til botnmargen på sida.
Kantlinjer
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Kantlinjefarge
Trykk på knappen Kantlinjefarge for å opna verktøylinja for kantlinjefarge, som let deg endra kantlinjefargen på eit objekt.
Objekteigenskapar
Opnar eit dialogvindauge du kan bruka til å endra eigenskapane for det valde objektet, for eksempel namn og storleik.
Let deg byta mellom ulike måtar å forankra eit objekt til dokumentet på.
