Rediger
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i dokumentet.
Angra
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjenopprett
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.
Lim inn
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja format.
Menyen for «Lim inn utval»
Set innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit format som du kan velja sjølv.
Søk
Slår visinga av Søk-linja på slik at du kan søkja etter tekst eller flytta deg rundt i eit dokument ved hjelp av element.
Merknadsmeny
Viser ein undermeny som gjev alternativ for å svara på merknadar frå andre brukarar, løysa og slette merknadar.
Referanse
Ein undermeny som gjev deg høve til å redigera fotnotar, sluttnotar, indeksoppføringar og bibliografioppføringar.
Felt
Opnar eit dialogvindauge der du kan endra eigenskapane til eit felt. Klikk framføre feltet og vel så denne kommandoen. I dialogvindauget kan du bruka pilknappane til å flytta til førre eller neste felt.
Lenkjer til eksterne filerEksterne lenkjer
Du kan endra eller fjerna lenkjer til eksterne filer i det gjeldande dokumentet. Du kan også oppdatera innhaldet i den gjeldande fila til slik det var sist ho vart lagra. Kommandoen gjeld ikkje for hyperlenkjer og er berre tilgjengeleg viss det gjeldande dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.
OLE-objekt
Let deg redigera eit merkt OLE-objekt som du har sett inn i fila med kommandoen Set inn → OLE-objekt.
Byta database
Byt datakjelde for dokumentet. Den nye databasen må ha dei same feltnamna for at felta i dokumentet skal kunna visast.
Modus for direkte skrivemerke
Slår av eller på «Modus for direkte skrivemerke». Du kan klikka på byrjinga, midten eller slutten av kva mogleg tekstlinje som helst på ei side og deretter byrja å skriva.
Redigeringsmodus
Gjer at du kan redigera eit skriveverna dokument eller ein databasetabell. Bruk valet Redigeringsmodus for å slå på redigeringsmodus.