Endra rad- og kolonnestorleik i ein teksttabell
Du kan endra breidda på både tabellceller og -kolonnar, og høgda på tabellrader.
Endra breidda på kolonnar og celler
Slik endrar du breidda på ein kolonne
Gjer éin av desse:
-
Hald musepeikaren over kolonneskiljelinja til han vert eit skiljeikon, og dra deretter linja til ei ny plassering.
-
Hald musepeikaren over kolonneskiljelinja på linjalen til han vert eit skiljeikon, og dra deretter linja til ei ny plassering.
-
Hald nede KommandoCtrl og klikk og dra ei linje for å skalera alle cellene til høgre eller over linja proporsjonalt.
-
Set markøren i ei celle i kolonnen, hald nede TilvalAlt medan du trykkjer på Pil venstre eller Pil høgre.
-
For å auka avstanden mellom den venstre sidekanten og tabellen, hald nede TilvalAlt + Shift medan du trykkjer på Pil høgre.
Du kan bestemma korleis piltastane skal verka ved å velja Collabora Office → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Collabora Office Writer → Tabell og velja kva som skal styrast av piltastane i området Tastaturhandsaming.
Slik endrar du breidda på ei celle
Hald nede Cmd + kommandoAlt + Ctrl og trykk Pil høgre eller Pil venstre.
Endra høgda på ei rad
For å endra radhøgda set du markøren i ei celle i rada, held nede TilvalAlt medan du trykkjer på Pil opp eller Pil ned.
Slik endrar du storleiken på ein tabell
Gjer éin av desse for å endra breidda og høgda på ein tabell:
-
Trykk i tabellen. Dra kanten mellom det kvite og grå området på linjalane for å endra storleiken.
-
Trykk i tabellen. Vel for å opna eit dialogvindauge der du kan endra eigenskapane for tala.
For å kunna bryta teksten ved kantane av ein tabell og for å kunna setja opp to tabellar ved sida av kvarandre, må du setja tabellane inn i ei ramme. Klikk inne i tabellen og trykk KommandoCtrl + A to gongar for å merkja heile tabellen. Vel så Set inn → Ramme.
Tabellar i HTML-dokument har ikkje alle dei eigenskapane og funksjonane som tabellar i OpenDocument-format har.