Bruka regulære uttrykk i tekstsøk
Regulære uttrykk er spesielle mønster som vert brukte til å finna og manipulera tekst, som hjelper deg med å finna spesifikk informasjon i tekstar.
Søk med regulære uttrykk er ulik søk med jokerteikn. I Collabora Office Writer kan du berre søkja med regulære uttrykk.
Du kan bruka regulære uttrykk når du søkjer og byter ut tekst i eit dokument. For eksempel finn «s.n» både «sin» og «son».
-
Vel .
-
Klikk på knappen for å utvida dialogvindauget.
-
Vel avkryssningsboksen .
-
Skriv inn søkjeordet med dei regulære uttrykka som skal brukast i søket i feltet .
-
Klikk på eller .
Eksempel på regulære uttrykk
-
Det regulære uttrykket for eitt enkelt teikn er eit punktum (.)
-
Det regulære uttrykket for ein bokstav er \w og for eit tal er \d.
-
Det regulære uttrykket for null eller fleire førekomstar av det føregåande teiknet er ein asterisk (*). For eksempel finn «123*» både «12», «123» og «1233».
-
Det regulære uttrykket for å søkja etter null eller fleire førekomstar av kva teikn som helst er eit punktum og ei stjerne (.*).
-
Det regulære uttrykket for éin eller fleire førekomstar av det førre teiknet er eit plussteikn (+). For eksempel: "\w+" finn kva ord som helst, "\d+" kva tal som helst.
-
Det regulære uttrykket for ein tabulator er \t. Meir generelt står \s for alle typar «mellomrom», for eksempel hardt mellomrom, vognretur, …
-
Det regulære uttrykket for slutten av eit avsnitt er eit dollarteikn ($). Det regulære uttrykket for byrjinga av eit avsnitt er ein circumflex og eit punktum (^.). Det regulære uttrykket for eit tomt avsnitt er ^$.
Eit søk med eit regulært uttrykk vil berre fungera innføre eitt avsnitt. Det vil seia at ein \n vil svara til eit linjeskift i eit avsnitt.