Verna innhald i Collabora Office Writer
Dette er ei oversikt over dei ulike måtane for å verna innhaldet i Collabora Office Writer frå å verta endra eller sletta.
Verna bolkar i Collabora Office Writer
Alle bolkar i eit tekstdokument i Collabora Office Writer kan vernast mot endringar med eit valfritt passord.
Slå på vern
Informasjonen som skal vernast må vera i ein bolk. Slik lagar du eller vel ein bolk:
-
Dersom bolken ikkje finst, merk teksten og vel menyen .
-
Dersom det alt er ein bolk, Vel og vel bolken i lista Bolk eller høgreklikk på bolken i dokumentstrukturen og vel .
Slå på vern
-
Dersom du ønskjer å verna innhaldet utan passord, merk av for Vern i Skrivevern.
-
Dersom du vil ha vern med passord, vel Vern og Med passord i avkryssningsboksen. Trykk på knappen Passord …. Skriv inn eit passord på minst fem teikn og bekreft passordet.
Endring av vern
Vel og vel bolken i lista Bolk eller høgreklikk på bolken i dokumentstrukturen og vel .
-
Dersom du ønskjer å bruka passord på eit vern utan passord, vel Med passord i avkryssingsboksen og trykk på knappen Passord. Skriv inn eit passord på minst fem teikn og bekreft passordet.
-
Dersom vernet brukar passord og du vil fjerna dette, fjern merkinga i Med passord i Skrivevern og skriv inn det korrekte passordet.
-
Dersom bolken er verna er med eit passord og du vil endra passordet, trykk på knappen Passord i Rediger bolk og skriv inn det korrekte passordet to gongar.
Slå av vernet
Vel og vel bolken i lista Bolk eller høgreklikk på bolken i dokumentstrukturen og vel .
-
Dersom vernet er utan passord, fjern merkinga for Vern i Skrivevern.
-
Dersom vernet har eit passord, fjern merkinga for Vern i Skrivevern og skriv inn det rette passordet.
Verna celler i ein Collabora Office Writer-tabell
Du kan verna innhaldet i enkeltcellene i ein teksttabell i Collabora Office Writer mot endringar.
Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.
Slå på vern
-
For ei eller fleire celler, plasser markøren i ei celle eller merk fleire celler. Vel i menyen.
-
For heile tabellen, merk tabellen og vel i menyen.
Slå av vernet
-
Set markøren i cella eller celleområdet og vel .
-
For heile tabellen, høgreklikk på tabellen i dokumenstrukturvindauget og vel Tabell → Fjern vern i sprettoppmenyen eller merk heile tabellen og vel .
Vern av innhaldet i innhaldslister og indeksar
Innhaldslister og register som er oppretta i eit Collabora Office Writer-dokument er automatisk verna mot uheldige endringar.
Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.
Slå på vern
-
Høgreklikk i indeks/innehaldslista. Gå til i sprettoppmenyen. Vel Vern mot manuelle endringar i fana Type.
-
Høgreklikk i indeks/innhaldslista i dokumentstukturvindauget og vel Indeks → Skriveverna
Slå av vernet
Viss nødvendig, vel og merk av for Slå på markør i Verna område
-
Høgreklikk i indeks/innehaldslista. Gå til i sprettoppmenyen. Fjern avkryssinga i Vern mot manuelle endringar i fana Type.
-
Høgreklikk i indeks/innhaldslista i dokumentstukturvindauget og fjern merkinga for Indeks → Skriveverna.
Verna felt og bokmerke mot endringar
Vel for å verna alle felta mot endringar. Bruk dette vernet for å hindra utilsikta endringar i felt.
Vel for å verna alle bokmerka mot endringar. Bruk dette vernet for å hindra utilsikta endringar i bokmerke.
Vern heileCollabora Office Writer-dokumentet mot endringar.
Du kan verna innhaldet i eit Collabora Office Writer-dokument mot endringar viss det er i eit av desse filformata: .doc, .docx, .odt, .ott.
Vernet er ikkje meint å vera eit tryggingsvern av innhaldet, men som eit vern mot uønskte endringar.
For å slå på vern for heile dokumentet, gå til Collabora Office → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Collabora Office Writer → Kompatibilitet og merk av for Vern skjemaet. Du kan slå av vernet ved å fjerna avkryssinga.