Å velja kva som skal skrivast ut
Du kan velja å skriva ut enkeltsider, ei rad med sider eller eit utval frå eit dokument.
Å skriva ut ei enkelt side
-
Vel for å opna dialogvindauget Skriv ut.
-
I Område og kopiar vel du Side. Tekstfeltet viser det gjeldande sidenummeret.
-
Skriv inn nummeret på sida du vil skriva ut.
-
Førehandsvisinga til venstre viser den valde sida.
Skriva ut ei rekkje med sider
-
Vel for å opna dialogvindauget Skriv ut.
-
I Område og kopiar vel du Side. Tekstfeltet viser det gjeldande sidenummeret.
-
Skriv inn sidenummera du vil skriva ut.
-
Bruk - for å skriva ut fleire sider. For eksempel 1-4 for å skriva ut alle sidene frå 1 til 4.
-
Det er også råd å skriva ut delvise område: -5 skriv ut alle sidene opp til 5. 10- skriv ut frå side 10 til slutten av dokumentet.
-
Bruk , eller ; for å skriva ut bestemte sider. For eksempel vil 1,3;7 skriva ut sidene 1, 3 og 7. Du kan gjerne også bruka mellomrom: 1, 3, 7 er heilt i orden.
-
Det er også råd å kombinera utskrivinga. Såleis vil 1, 3, 5-10,15-skriva ut sidene 1, 3, 5 til 10 og 15 til slutten av dokumentet.
-
-
Førehandsvisinga til venstre viser dei merkte sidene.
Å skriva ut eit utval av tekst og grafikk
-
Merk det som skal skrivast ut.
-
Vel for å opna dialogvindauget Skriv ut.
-
Merk av for Utval i området Område og kopiar.
-
Førehandsvisdinga viser det merkte området.