Laga innrykk i avsnitt
Du kan endra på innrykka for det gjeldande avsnittet, for alle markerte avsnitt eller for ein avsnittsstil.
-
Vel for å endra på innrykka i det gjeldande avsnittet eller i alle dei markerte avsnitta. Du kan også stilla inn innrykk ved å bruka linjalen.
-
Høgreklikk på eit avsnitt og vel fana for å endra på innrykka i alle avsnitta som brukar den same avsnittsstilen.
Du kan også stilla inn innrykk ved å bruka linjalen. Vel for å visa linjalen.
Plassera innrykk
Innrykk vert rekna ut med venstre- og høgremargane som grenser. Dersom du vil at avsnittet skal gå utanfor margane, kan du skriva inn eit negativt tal.
For å endra måleeiningane som er brukte i dette dialogvindauget, må du velja og deretter ei ny måleeining frå innstillingane.
Verknaden av innrykk er avhengige av skriveretninga. For eksempel er det verdien i som gjeld i venstre til høgre-språk. Den venstre kanten av avsnittet vert flytt inn med venstremargen som grense. I språk som vert skrive frå høgre mot venstre, vert den høgre kanten av avsnittet flytt inn med høgremargen som grense.
Hengjande innrykk
For eit hengande innrykk, skriv inn ein positiv verdi i og ein negativ verdi i .
Ikonet for Hengande innrykk finn du i området «Avsnitt» i «Eigenskapar» i sidepanelet. Trykk på dette ikonet for å endra verdien for og . Dette gjer at du kan endra eit avsnitt mellom ei innrykka førstelinje og eit hengande innrykk.
Slik lagar du eit hengjande innrykk: Legg inn eit innrykk på den første linja der du vil at innrykkinga skal byrja. Trykk deretter på ikonet for hengjande innrykk for å laga nettopp dette.
Ikonet «Hengjande innrykk»
Kommandoen Hengjande innrykk kan setjast inn som ein knapp på ei verktøylinje, eit element i ein meny eller i ein sprettoppmeny eller ein snarvegstast.