Arbeida med hovuddokument og underdokument
Eit hovuddokument lèt deg handsama store dokument, som for eksempel ei bok med mange kapittel. Hovuddokumentet fungerer som ein behaldar for dei enkelte Collabora Office Writer-filene. Dei enkelte filene vert kalla underdokument.
Slik lagar du eit hovuddokument
-
Gjer éin av desse:
-
Vel Fil → Ny(tt) → Malar og dokument
-
Opna eit dokument og vel Fil → Send → Lag hovuddokument.
-
Når du lagar eit nytt hovuddokument, må den første oppføringa i «Dokumentstrukturen» heita . Skriv inn ei innleiing eller litt tekst. Dette gjer at du kan sjå korleis deldokumenta ser ut når du har redigert stilane i hovuddokumentet.
-
Trykk på, og hald nede ikonet i for hovuddokument (det skal opnast automatisk, men om det ikkje skjer, trykk på F5) og gjer eitt av desse:
-
Du set inn ei fil som finst som eit deldokument ved å velja , finna fram til ønskt fil og deretter trykkja på Opna.
-
Du kan laga eit nytt underdokument ved å velja Nytt dokument, skriva inn namnet på dokumentet og trykka på Lagra.
-
Du kan setja inn tekst i hovuddokumentet mellom underdokumenta ved å velja Tekst og skriva inn teksten. Du kan ikkje setja inn tekst ved sida av ein tekst som finst i dokumentstrukturen.
-
Vel Fil → Lagra.
Slik redigerer du eit hovuddokument
Bruk Dokumentstrukturen for å omorganisera og redigera underdokumenta i eit hovuddokument.
-
Dobbeltklikk på namnet på eit underdokument i Dokumentstrukturen for å opna det for redigering.
-
For å fjerna eit deldokument frå hovuddokumentet, høgreklikk på det i «Dokumentstrukturen» og vel Slett. Deldokument-fila vert ikkje sletta, berre oppføringa i Dokumentstrukturen.
-
For å leggja til tekst i eit hovuddokument, høgreklikk på eit element i lista i «Dokumentstrukturen» og vel Set inn → Tekst. Det vert då sett inn ein tekstbolk i hovuddokumentet før det valde elementet. I denne kan du skriva kva du vil. Du kan ikkje setja inn tekst ved sida av ei tekstoppføring som finst frå før i Dokumentstrukturen.
-
For å omorganisera deldokumenta i eit hovuddokument, dra eit deldokument til ei ny plassering i Dokumentstrukturen. Du kan også velja eit deldokument frå lista og trykkja på symbolet eller .
-
For å leggja til eit register, som for eksempel ei innhaldsliste, i eit hovuddokument, høgreklikk på eit av deldokumenta i Dokumentstrukturen og vel Set inn → Register/innhaldsliste.
For å oppdatera eit register i eit hovuddokument, vel registret i Dokumentstrukturen og trykk på knappen Oppdater.
Når du set inn eit objekt, for eksempel ei ramme eller eit bilete, i eit hovuddokument, så ikkje forankra det «Til side». Vel i staden forankringa «Til avsnitt» i fana Format → (Objekttype) → Type og vel plasseringa «Heile sida» i listeboksane Vassrett og Loddrett.
Slik gjer du for å byrja alle deldokumenta på nye sider
-
Sjå til at alle deldokumenta byrjar med ei overskrift som brukar same overskriftsstil, for eksempel Overskrift 1.
-
Vel Vis → Stilar i hovuddokumentet og trykk på knappen Avsnittsstilar.
-
Høgreklikk «Overskrift 1» og vel Rediger.
-
Klikk på fana .
-
Vel i området og vel deretter «Side» i boksen .
-
Viss du vil at kvart deldokument skal byrja på ei oddetalsside, vel Med sidestil og vel «Høgreside».
-
Trykk OK.
Slik eksporterer du eit hovuddokument
-
Vel .
-
Vel filformatet for tekstdokumentet i lista Lagra som filtype og trykk Lagra.
Underdokumenta vert eksporterte som bolkar. Bruk for å fjerna vernet av og fjerna bolkane, dersom du føretrekk eit tekstdokument utan bolkar.