Laga nummererte lister og punktlister medan du skriv
Collabora Office kan laga nummererte lister og punktlister automatisk medan du skriv.
Slå på automatisk nummerering og punktliste
-
Vel , trykk på fana og merk av for «Punktlister og nummererte lister».
-
Vel Verktøy → Autoretting og sjå etter at Ved skriving er vald.
Automatisk nummerering vert bruk berre på avsnitt formatert med avsnittsstilane «Standard avsnittsstil», «Brødtekst» og «Brødtekst, innrykt».
Laga ei nummer- eller punktliste medan du skriv
-
Skriv 1., i., eller I. for å byrja ei nummerert liste. Skriv * eller – for å byrja ei punktliste. Du kan også skriva ein sluttparentes etter talet i staden for eit punktum, for eksempel 1) eller i).
-
Lag eit mellomrom, skriv inn teksten og trykk deretter på Enter. Det neste talet eller punktet kjem då opp automatisk i det nye avsnittet.
-
Trykk på Enter éin gong til for å avslutta lista.
Du kan starta ei nummerliste med kva tal som helst.