Tittelside
Opnar eit dialogvindauge der du kan utforma ei tittelside.
Lag tittelsider
Gjer om tilgjengelege sider til tittelsider
Endrar den gjeldande sidestilen til Førsteside og sidene etter til Standard sidestil. Stilane Første side og Standard sidestil er automatiske stilar i Collabora Office.
Set inn nye tittelsider
Dette vil setja inn eit sideskift og endra den gjeldande sidestilen til Førsteside. Dei neste sidene får Standard sidestil.
Tal på tittelsider
Set talet på tittelsider som skal setjast inn.
Set tittelsider på:
Dokumentstart
Tittelsidene vert sette inn før første side i dokumentet.
Side
Tittelsidene er sette inn på sida som er gjeve med gjeldande nummerering.
Sidenummerering
Tilbakestill sidenummereringa etter tittelsidene
Når dette er merkt av, stoppar du sideantalet for den gjeldande nummereringa og byrjar nummereringa på nytt etter den siste tittelsida som vart sett inn.
Sidetal
Set sidenummeret til sida etter siste tittelside.
Set sidenummeret for første tittelside
Når dette er merket av, set du sidetalet for den første tittelsida som er sett inn.
Sidetal
Set inn sidenummeret for den første tittelsida.
Rediger sideeigenskapar
Stil
Vel sidestilen frå dei tilgjengelege sidestilane i dokumentet.
Rediger
Trykk for å redigera sidestilen.