Plassering (Listestilar – forelda)
Set innrykking-, avstand- og justeringsinnstillingar for nummereringssymbola, som tal eller punktteikn, i sorterte eller usorterte lister.
Collabora Office Writer brukar dei kontrollelementa som er viste her når eit dokument vert opna som brukar ein annan metode for plassering og avstand. Sjå om standardkontrollelementa i Plassering (listestilar).
Innrykk
Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen (eller venstrekanten til tekstobjektet) og venstrekanten til nummereringsområdet. Dersom den gjeldande stilen brukar innrykk, vil avstanden du gjev her koma i tillegg til innrykket.
Relativ
Det gjeldande innrykket vert sett i høve til det førre nivået i listehierakiet.
Breidd på nummereringa
Skriv inn breidda på nummereringsområdet. Nummereringssymbolet kan vera til venstre, sentrert eller til høgre i dette området.
Minste avstand mellom nummereringa og teksten
Justeringa av nummereringssymbolet vert justert for å få den ønskte minimumsplassen. Dersom det ikkje er mogleg fordi nummereringsområdet er for smalt, vert byrjinga av teksten justert.
Justerer nummereringssymbolet til venstre, midtstilt eller til høgre i nummereringsområdet. Plasseringa kan verta tilpassa for å halda på minimumsavstanden.