Eigenskapar
Tillet innstilling av ulike eigenskapar på innhaldskontrollen under gjeldande markør.
Generelle eigenskapar
Innhaldet er plasshaldartekst
Det gjeldande innhaldet vert oppfatta som plasshaldartekst og vert førehandsvald når du klikkar på innhaldskontrollen for å hjelpa til med å byta ut plasshaldaren med aktuelt innhald.
Tittel
Set inn ein tittel for kontrollelementet. Tittelen vert vist over kontrollelementet når markøren er i elementet. Klikk på tittelen for å opna dialogvindauget for kontrolleigenskapar.
Tagg
Taggar tener eit liknande føremål. Ein tagg er ein maskinlesbar nøkkel eller identifikator som er unik i dokumentet. Når skjemaet er fylt ut, kan eit eksternt program trekkja ut informasjonen frå dokumentet ved å søkja etter innhaldet i taggane.
Avkryssingsbokseigenskaper
Merkt teikn
Teikn brukt når avmerkingsboksen er merkt. Klikk knappen for å opna dialogvindauget Spesialteikn.
Umerkt teikn
Teikn brukt når avmerkingsboksen ikkje er merkt. Klikk knappen for å opna dialogvindauget Spesialteikn.
Kombinasjonsboks og nedtrekkslisteelementeigenskapar
Visingsnamn
Eit forståeleg namn som forklarar listeelementet.
Verdi
Eit maskinvenleg namn som forklarar listeelementet.
Legg til, endra og fjern
Legg til, flyttar og fjernar element i lista.
Flytt opp og flytt ned
Flyttar element opp og ned i lista for å omorganisera visinga av lista.
Datoformat
Vel datoformatet for å visa datoen i datoinnhaldskontrollen.