Innstillingar for sluttnote
Vel korleis sluttnotar skal formaterast. Du kan velja nummereringstype og kva for stilar som skal brukast.
Autonummerering
Start på
Skriv inn nummeret for den første sluttnoten i dokumentet. Dette er nyttig dersom du vil at nummereringa av sluttnotane skal gå over fleire dokument.
Før
Skriv inn teksten du vil visa framføre nummeret til sluttnoten i sluttnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «til» for å visa «til 1».
Etter
Skriv inn tekst du vil visa etter nummeret til sluttnoten i sluttnoteteksten. Du kan for eksempel skriva inn «)» for å visa «1)».
Stil
For å sikra ein einsarta utsjånad på sluttnotene, tildel ein avsnittsstil til sluttnoteteksten og tildel teiknstilar til ankernummeret for sluttnoten og nummeret i sluttnoteområdet.
Avsnitt
Vel avsnittsstilen for teksten i fotnoten. Du kan berre velja spesialstilar.
Side
Vel sidestilen for sluttnoteteksten.
Tekstområde
Vel teiknstilen som skal brukast på sluttnoteankera i tekstområdet i dokumentet.
Sluttnoteområde
Vel teiknstilen som skal brukast på tal i sluttnoteområdet.