Overskriftsnummerering
Spesifiser nummereringsformatet som vert brukt for automatisk nummerering av overskrifter i det gjeldande dokumentet.
Nummerering av overskrifter vert gjort ved å setja eit nummereringsskjema for avsnittsstilar som vert brukte som overskrifter. Disposisjonsnivået som er tilordn avsnittsstilen, viser plasseringa av ei overskrift i dokumentstrukturen. Det kan setjast eit nummereringsskjema for kvart disposisjonsnivå.
Som standard tildeler Collabora Office dei førehandsdefinerte avsnittsstilane «Overskrift [1–10]» til dei tilsvarande disposisjonsnivåa (1–10) i dialogvindauget. Du kan bruka dialogvindauget til å tilordna ein annan avsnittsstil til eit disposisjonsnivå. Berre éin avsnittsstil kan tilordnast kvart disposisjonsnivå.
Viss du vil ha nummererte overskrifter, vel . Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan tilordna nummereringsskjema til avsnittsstilar som vert brukte for overskrifter. Ikkje bruk ikonet Slå sortert liste av/på på formateringslinja eller dialogvindauget .
Last inn/lagra
Lagrar eller lastar eit nummereringsformat for overskrifter. Lagra nummereringsformat er tilgjengelege for å lastast inn i andre tekstdokument.
Knappen er tilgjengeleg berre for overskriftsnummerering. Bruk listestilar for å lagra formatering for sorterte og usorterte lister.
Namnlaus 1 - 9
Vel eit førehandsdefinert nummereringsformat. Til å byrja med er formata «Utan_namn [1–9]» tomme. Du kan lagra innstillingane dine som eit nummereringsformat ved å bruka . Lagra format vert viste i menyen med namnet du skreiv inn.
Lagra som
Opnar eit dialogvindauge der du kan lagra dei gjeldande innstillingane for nummerering og plassering på alle nivå. Lagra innstillingar er tilgjengelege for bruk i andre dokument.