Listestil
Her kan du laga ein listestil. Listestilane er organiserte i vindauget Stilar.
Når ein listestil er laga, får han eit namn. Liostestilane kan brukast på avsnitt eller kan knyttast til ein avsnittsstil i seksjonen «Bruk listestil» på fana Disposisjon og lister.
Sorterte og usorterte lister som er laga i dialogvindauget Punkt og nummerering eller med ikona Slå sortert liste av/på og Slå usortert liste av/på på verktøylinja Formaterng bruk direkte formatering. Desse er ikkje listestilar.