Kolonnar
Vert brukt for å bestemma kolonnebreidd.
Tilpass tabellbreidda
Forminskar eller forstørrar tabellbreidda når kolonnebreidda vert endra. Dette valet er ikkje tilgjengeleg viss automatisk justering eller relativ breidde er vald i fana Tabell eller viss ei tabellrad er merkt.
Juster kolonnane proporsjonalt
Endrar alle andre kolonnebreiddene med den same prosenten som den som vart endra. Viss du for eksempel forminskar ein kolonne til halve breidda, vert alle andre kolonnar også halverte. For at dette skal verka, må du kunna slå på Tilpass tabellbreidda.
Plass igjen
Viser kor mykje plass som er ledig for å justera breidda på spaltene. Trykk på fana Tabell for å setja breidda på¨tabellen.
Kolonnebreidd
Bestem kor breie kolonnane i tabellen skal vera.
Kolonnebreidd
Vel kor brei kolonnen skal vera.
Pil venstre
Viser tabellkolonnane som er funne til venstre for denne kolonnen.
Pil høgre
Viser tabellkolonnane som er funne til høgre for denne kolonnen.