Kolonnar
Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.
Du kan velja mellom førehandsdefinerte spalteoppsett, eller du kan laga dine eigne. Når du brukar eit oppsett på ein sidestil, vert alle sidene som brukar denne stilen oppdaterte. På tilsvarande måte vert alle rammene som brukar denne stilen oppdaterte når du brukar eit spalteoppsett på ein rammestil. Du kan også endra spalteoppsettet for ei enkelt ramme.
Innstillingar
Kolonnar
Skriv inn kor mange spalter du vil ha på sida, i ramma eller bolken.
Valfelt
Du kan også velja eit av dei førehandsdefinerte spalteoppsetta.
Hjelpeboblene skildrar kvart førehandsdefinerte val.
Bruk på
Vel det elementet du vil bruka spalteoppsett på. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom du har opna dette dialogvindauget frå Format → Spalter.
Dei to neste vala er berre tilgjengelege ved formatering av bolkar.
Fordel innhaldet likt i alle spaltene
Fordeler teksten jamnt i bolkar med fleire spalter.
Førehandsvisinga av spalteoppsettet viser berre spaltene, ikkje dei omgjevande sidene.
Breidd og avstand
Automatisk breidd
Lagar spalter med lik breidd.
Dersom avkryssingsboksen Automatisk breidd ikkje er merkt av, skriv inn breidde og avstandsalternativa for spaltene.
Spalte
Viser spaltenummeret og breidda og avstanden til spaltene ved sida.
Pil venstre
Flyttar spaltevisinga éi spalte til venstre.
Pil venstre
Pil høgre
Flyttar spaltevisinga éi spalte til høgre.
Pil høgre
Breidd
Skriv inn spaltebreidda.
Avstand
Vel kor stor avstand du vil ha mellom spaltene.
Skiljelinje
Denne delen er berre tilgjengeleg når du brukar eit oppsett som inneheld meir enn éi spalte.
Stil
Vel ein formateringsstil for skiljelinja mellom spalter. Vel «Ingen» dersom du ikkje vil bruka skiljelinje.
Breidd
Skriv inn breidda på skiljelinja.
Farge
Vel farge for skiljelinja.
Høgd
Skriv inn lengda på delelinja i prosent av høgda på spalteområdet.
Posisjon
Juster høgda på delelinja. Dette valet er berre tilgjengeleg om høgdeverdien til linja er mindre enn 100%.