Set inn tabell
Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.
-
Du kan setja inn ein tabell frå eit anna dokument ved å kopiera tabellen og lima han inn i det gjeldande dokumentet.
-
Du kan gjere om tekst til ein tabell ved å merkja teksten og velja Tabell → Gjer om → Tekst til tabell.
-
Dersom du vil setja ein tabell inn i ein annan tabell, kan du plassera skrivemerket i ei celle i tabellen og velja Tabell → Set inn tabell.
Collabora Office kan formatera tal som du skriv inn i ei tabellcelle automatisk, for eksempel dato og klokkeslett. Du aktiverer denne funksjonen ved å velja Collabora Office → InnstillningarVerktøy → Innstillingar → Collabora Office Writer → Tabell og trykkjer på Talgjenkjenning i området Inndata i tabellar.
Namn
Skriv inn eit namn for tabellen.
Kolonnar
Skriv inn kor mange kolonnar tabellen skal ha.
Rad
Skriv inn kor mange rader det skal vera i tabellen.
Innstillingar
Set inn innstillingane for tabellen.
Overskrift
Ta med ei overskriftsrad for tabellen.
Gjenta overskriftsrader på nye _sider
Gjentek tabelloverskrifta øvst på alle dei neste sidene dersom tabellen går over meir enn éi side.
Overskriftsrader
Vel kor mange rader som skal brukast for overskrifta. Talboksen godtar verdiar opptil éin mindre enn talet på rader som vert sett inn.
Ikkje del tabeller over fleire sider
Hindrar at tabellen vert delt over meir enn éi side.
Liste over tabellstilar
Vel eit sjølvvald stil for den nye tabellen.
Ikon på verktøylinja «Set inn»
Trykk på knappen Tabell i verktøylinja «Set inn» for å opna dialogvindauget Set inn tabell, som du kan bruka til å setja inn ein tabell i det gjeldande dokumentet. Du kan også trykkja pila, dra for å velja talet på rader og kolonnar du vil ha i tabellen, og så klikka i den siste cella.