Indeks (innhaldsliste)
Desse vala er tilgjengelege når du vel Objektliste som Type.
Type og tittel
Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.
Tittel
Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.
Type
Vel kva type register/innhaldsliste du vil setja inn eller redigera. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.
Vern mot manuelle endringar
Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du Collabora Office → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Collabora Office Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.
Lag register eller innhaldsliste
Til
Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapittelet.
Ta med opp til nivå
Spesifiser maksimalt disposisjonsnivå for eit avsnitt som er gjeve i og som skal takast med i indeksen.
Opprett frå
Bruk dette området til å angi kva informasjon som skal takast med i eit register.
Overskrifter
Opprettar innhaldslista ved å bruka overskriftsnivå. Alle avsnitt med eit overskriftsnivå mindre enn eller lik overskriftsnivået spesifisert i vert teke med i innhaldslista.
Avsnitt formatert med ein av dei førehandsdefinerte avsnittsstilane («Overskrift 1–10») har eit disposisjonsnivå som svarar til talet i avsnittsstilen. Du kan også tilordna disposisjonsnivå til avsnitt i fana Disposisjon og liste i dialogvindauget «Format → Avsnitt».
Fleire stilar
Ta med avsnitt med avsnittsstilane som er spesifiserte i dialogvindauget som indeksoppføringar. Viss du vil velja avsnittsstilar, trykkjer du på knappen til høgre for dette valet. Tilordna avsnittsstilar må ha eit disposisjonsnivå som er mindre enn eller lik verdien som er gjeven i for å kunna takast med i indeksen.
Bruk for å ta med avsnitt i innhaldslista med avsnittsstilen «Figurindeksoverskrift» eller «Bibliografioverskrift» tilliks med einkvar annan relevant avsnittsstil.
Tildela stilar
Opnar dialogvindauget Stilar der du kan velja avsnittsstilane som skal brukast i indeksen. Vel rett overskriftsnivå som stilen vert kopla saman med i indeksen.
Stikkord
Vel dette alternativet for å ta med indeksoppføringar sett inn i dokumentet med i den genererte indeksen.