Set inn eller rediger ei indeksoppføring
Marker den merkte teksten som ei register- eller innhaldslisteoppføring, eller rediger den merkte indeksoppføringa.
Set inn indeksoppføring og Rediger indeksoppføringar kan vera opne medan du vel, set inn eller redigerer oppføringar.
Register
Vel kva indeks oppføringa skal leggjast til i.
Når du redigerer eit stikkord, vert indekstypen som den valde oppføringa høyrer til vist. Du kan ikkje endra registertypen til eit stikkord i dette dialogvindauget. I staden må du sletta stikkordet frå dokumentet og setja det inn att med ein annan registertype.
Nytt sjølvvald register
Opnar eit dialogvindauge der du kan laga eit nytt, brukardefinert register.
Nytt brukardefinert register
Namn
Skriv inn eit namn for det nye sjølvvalde registeret. Det nye registeret vert lagt til lista over tilgjengelege register og innhaldslister.
Stikkord
Viser teksten som er markert i dokumentet. Du kan skriva inn eit anna ord for stikkordet dersom du vil. Den markerte teksten vert ikkje endra.
Om det er ønskjeleg, kan du endra stikkordet. Viss du endrar stikkordet, vil den nye teksten berre finnast i registeret og ikkje erstatta dokumentteksten stikkordet er kopla til. For eksempel kan du setja inn eit stikkord med merknaden «grunnleggjande, sjå òg generelt».
Oppdater oppføringa frå utvalet
Trykk på ikonet for å oppdatera Oppføringa med det gjeldande tekstutvalet i dokumentet.
Oppdater oppføringa frå utvalet
Hovudoppføring
Gjer den gjeldande markeringa til ei underoppføring av ordet du skriv inn her. For eksempel vil oppføringa verta «vêr, kulde» dersom du markerer «kulde» og skriv inn «vêr» som hovudoppføring.
Underoppføring
Gjer den gjeldande markeringa til ei underoppføring av hovudoppføringa. For eksempel vil oppføringa verta «vêr, vinter, kulde» dersom du markerer «kulde» og skriv inn «vêr» som hovudoppføring og «vinter» som underoppføring.
Fonetisk lesing
Skriv inn ei fonetisk lesing av korresponderande postar. For eksempel, dersom eit japansk Kanji-ord har meir enn éin uttale, skriv inn den korrekte uttalen som eit Katakana-ord. Kanji-ordet vert då sortert i forhold til den fonetiske lesingsoppføringa. Denne funksjonen kan berre brukast når støtta for asiatiske språk er slått på.
Hovudoppføring
Gjer den valde teksten utheva i stikkordlista. Collabora Office viser sidetalet til slike stikkord med ei anna formatering enn dei andre oppføringane i stikkordlista.
Indeksnivå
Spesifiser indeksnivået for den innsette indeksoppføringa.
Denne innstillinga er berre tilgjengeleg for innhaldslister og sjølvdefinerte indekspostar.
For den valde oppføringa
Dei tre vala ndanfor er tilgjengelege når eit tekstutval vert lasta inn i Oppføring anten ved å merkja teksten i dokumentet og så opna dialogvindauget, eller ved å bruka Oppdater oppføringa frå utvalet i dialogvindauget.
Bruk på alle andre førekomstar
Merker automatisk alle andre førekomstar av den merkte teksten i dokumentet. For ei endra oppføring vert treffet utført på det opphavlege utvalet, men den endra oppføringa vert sett inn som stikkordregisteroppføring. Tekst i topptekster, botntekstar og rammer er ikkje tekne med.
Berre heile ord
Søkjer etter heile ord eller celler som er identiske med søkjeteksten.
Store og små bokstavar
Svarar nøyaktig til det teiknet som er oppgjeve i Finn utan å vurdera alternative tilfelle.
Viss du vil kopla alle førekomstane av ein tekst til stikkordlista, merk teksten og vel deretter Søk og byt ut og klikkar på Søk etter alle. Vel deretter Set inn → Register/innhaldsliste → Stikkordmarkering og trykk på Set inn.
Set inn
Markerar eit stikkord i teksten.
Lukk
Lukker dialogvindauget.
Slett
Fjernar det valde stikkordet frå registeret. Stikkordteksten i dokumentet vert ikkje sletta.
Navigasjonsknappen er tilgjengeleg berre i dialogvindauget Rediger indeksoppføringa.
Førre oppføring (same namn)
Går til den førre indeksoppføringa av same oppføringa og type som den gjeldande oppføringa.
Førre oppføring (same namn)
Neste oppføring (same namn)
Går til den neste indeksoppføringa av same oppføringa og type som den gjeldande oppføringa.
Neste oppføring (same namn)
Førre oppføring
Går til den førre indeksoppføringa av same type i dokumentet.
Førre oppføring
Neste oppføring
Går til den neste indeksoppføringa av same type i dokumentet
Neste oppføring
Du kan snøgt gå til eit stikkord med navigasjonslinja.
