Dokument
Felt vert brukte til å setja inn informasjon om det gjeldande dokumentet, for eksempel filnamn, mal, statistikk, brukarinformasjon, dato og klokkeslett.
For å setja inn eit felt i dokumentet, må du først velja Type og så trykkja på lista Vel for å velja kva informasjon som skal setjast inn,trykk deretter Set inn.
Type
Listar opp dei tilgjengelege felttypane.
Vel
Listar opp kva informasjon som kan setjast inn i ein vald felttype.
Tilgjengelege felttypar og utvalslister
Du kan raskt setja inn eit felt frå lista Vel ved å dobbeltklikka på feltet.
Format
Viss eit felt viser ein dato, eit klokkeslett eller eit tal, bruk Format for å tilpassa visinga av datoen, klokkeslettet eller talet. Standardformata vert viste i formatvindauget. Du kan også bruka «Fleire format» for å definera eit tilpassa format.
Når du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindaugetTalformat opna slik at du kan laga eit sjølvvald format.
For typen Overskrift, vel formatet for å visa overskriftsnummeret med skiljeteikn spesifisert i .
Vel for å visa overskriftsnummeret åleine utan skiljeteikn.
Viss den valde overskrifta ikkje er nummerert, er feltet tomt.
Ved HTML-eksport og import av dato- og klokkeslettfelt, vert spesielle Collabora Office-format brukt.
Opp til nivå
Bruk dette alternativet med typen for å spesifisera hkva overskrift som skal visast. Den viste overskrifta er den første før feltet der disposisjonsnivået er lik eller mindre enn den gjevne verdien.
Forskyving
Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».
Med ei forskyving med verdien 1, vil feltet visa eit tal som er 1 større enn det gjeldande sidenummeret, men berre om det finst ei side med det nummeret. På den siste sida er dette feltet tomt.
Viss du vil endra det faktiske sidetalet og ikkje sidetalet som vert vist, må du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bør heller endra sidetal slik det vert forklart i rettleiinga om Sidetal.
Forskyving i dagar/minutt
Skriv inn forskyvinga du vil bruka i eit dato- eller klokkeslettfelt.