Navigator
Visar eller gøymer vindauget for dokumentstruktur slik at du raskt kan gå til ulike delar av dokumentet.
Bruk dokumentstrukturen for å setja inn element frå det gjeldande dokumentet eller andre opne dokument og for å handsama hovuddokumenta.
For å redigera eit element i dokumentstrukturen, høgreklikk på elementet og vel ein kommando frå sprettoppmenyen.
Du kan festa dokumentstrukturen til kanten av arbeidsområdet.
Dra tittellinja for å flytta vindauget for dokumentstrukturen.
For å festa vindauget for dokumentstrukturen, dra tittellinja til høgre eller venstre kant eller botnen i arbeidsområdet. for å losna vindauget for dokumentstrukturen, hald nede tasten KommandoCtrlog dobbeltklikk på eit grått område i vindauget.
Trykk på utvidingsikonet (+) ved sida av ein kategori i vindauget for dokumentstrukturen for å visa elementa i kategorien. Trykk på ein utvida kategori for å falda han saman.
For å visa kor mange element det er i ein kategori, hald musepeikaren over kategorien i vindauget for dokumentstrukturen.
For å gå til eit element i dokumentet, dobbeltklikk på elementet i vindauget for dokumentstrukturen.
For å gå til neste eller førre element i eit dokument, bruk Naviger ved hjelp av-lista for å velja kategori og trykk deretter på pilen Førre eller Neste.
Dokumentstrukturen viser samsvaret mellom det gjeldande elementet for plassering av dokumentmarkøren og visinga av dokumentstrukturen i høve til ulike kategoriar: overskrifter, tabellar, hyperlenkjer og meir. Elementet vert vist utheva i dokumentstrukturen. Viss elementet er plassert i eit gøymd lag, vert dei laga over det automatisk utvida og vert verande utvida.
Dokumentelementa vert utheva ved å byta om fargane på den viste sida når du held markøren over namna i vindauget for dokumentstrukturen. Dette gjer det enklare å sjå kva element som er utheva i vindauget for dokumentstrukturen.
Naviger ved hjelp av
Bruk utvalsboksen for å velja kva elementtype som du vil gå til ved å bruka knappane for førre og neste.
Førre
Hopper til forrige element i dokumentet. For å spesifisere typen element du vil hoppe til, klikk i lista Naviger ved hjelp av og klikk deretter på ein elementkategori – for eksempel «Bilete».
Førre element
Neste
Hoppar til førre element i dokumentet. For å spesifisera kva type element du vil hoppa til, klikk i lista Naviger ved hjelp av og klikk deretter på ein elementkategori – for eksempel «Bilete».
Neste element
SIdenummer
Skriv inn sidenummeret du vil gå til og trykk Enter..
Navigasjonsvising for innhald
Byt mellom vising av alle kategoriar i dokumentstrukturvindauget og berre den valde kategorien.
Byt innhald i navigeringsvisinga
Sprettoppmenyane viser ei samling av kommandoar funne i denne hjelpesida. Kva kommandoar som vert viste i menyen er avhengig av kva kategori eller element som er vald.
Ein gøymd bolk i eit dokument vert vist med grå farge i Dokumentstruktur og viser teksten «Gøymd», når du lèt musepeikaren kvila over han. Det same gjeld for innhaldet i topp- og botntekstar i sidestilar som ikkje er brukte i eit dokument, gøymt innhald i tabellar, tekstrammer, bilete, OLE-objekt og register.
Slå av og på hovudutformingsvisinga
Byter mellom hovudvising og normal vising dersom eit hovuddokument er ope.
Slå hovudutforminga av/på
Overskrift
Flyttar skrivemerket til toppteksten eller frå toppteksten til tekstområdet i dokumentet.
Topptekst
Botntekst
Flyttar skrivemerket til botnteksten eller frå botnteksten til tekstområdet i dokumentet.
Botntekst
Anker ↔ Tekst
Vekslar mellom fotnoteteksten og fotnoteankeret.
Anker <-> Tekst
Vel påminning
Trykk her for å setja inn ei påminning ved peikaren. Det er råd å setja inn opp til fem slike påminningar. Du kan gå til ei påminning ved å trykkja på lista Naviger ved hjelp av. Her trykkjer du på knappen og deretter Førre eller Neste.
Vel påminning
Påminningar vert gjennomgått i den rekkjefølgja dei er laga. Dei vert ikkje lagra når dokumentet vert lukka.
Vis opp til disposisjonsnivå
Klikk på ikonet øvst i dokumentstruktur eller høgreklikk på ei overskrift i dokumentstruktur-vindauget og vel deretter kor mange nivå av overskrifter som skal visast i overskrift-delen av dokumentstruktur-vindauget.
Vel for eksempel 1 for berre å visa overskrifter med disposisjonsnivå 1. Vel 3 for å visa overskrifter opp til disposisjonsnivå 3; vel 10 for å visa alle overskrifter.
Vis opp til disposisjonsnivå
Listeboks
Viser eller gøymer Dokumentstruktur-lista.
Vis/gøym liste
Flytt disposisjonsnivået opp
Hevar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre heva disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten.
Flytt disposisjonsnivået opp
Flytt disposisjonsnivået ned
Senkar disposisjonsnivået på den valde overskrifta, og dei overskriftene som er under denne, med ein. For å berre senka disposisjonsnivået for den merkte overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten.
Flytt disposisjonsnivået ned
Flytt overskrifta opp
Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, opp ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten og trykk på dette ikonet.
Flytt overskrifta opp
Flytt overskrifta ned
Flyttar den valde overskrifta, og teksten under denne, ned ei overskriftsplassering i disposisjonsnivået og i dokumentet. For å berre flytta den merkte overskrifta, og ikkje teksten som høyrer til overskrifta, hald nede KommandoCtrl-tasten og trykk på dette ikonet.
Flytt overskrifta ned
Du kan endra rekkjefølgja på overskrifter og tilhøyrande avsnitt ved å velja kategorien «Overskrifter» og så trykkja Innhaldsvising. Nå kan du bruka dra og slepp til å omorganisera innhaldet.
Dramodus
Vel alternativ for innsetjing av element ved å dra og sleppa frå dokumentstrukturen til eit dokument. Trykk på denne knappen og vel eit alternativ, for eksempel innsetjing som hyperlenkje.
Dra-modus
Set inn som hyperlenkje
Lagar ei hyperlenkje når du dreg og slepp eit elementi nn i dette dokumentet. Trykk på hyperlenkja for å gå til elementet som hyperlenkja viser til.
Set inn som lenkje
Set inn element som ei lenkje der du slepp det i dokumentet. Tekst vert sett inn som skriveverna bolkar. Innhaldet til lenkja vert automatisk oppdatert når kjelda vert endra. Trykk Verktøy → Oppdater → Lenkjer for å oppdatera lenkjene i eit dokument manuelt. Det er ikkje mogleg å oppretta lenkjer til grafikk, OLE-objekt, referansar eller register.
Set inn som kopi
Set inn ein kopi av valde element der du slepp det i dokumentet. Det er ikkje mogleg å laga kopiar av grafikk, OLE-objekt, referansar eller register på denne måten.
Opna dokument
Viser alle opne tekstdokument. Vel eit dokument i lista for å visa innhaldet i dokumentstrukturen. Dokumentet som vert vist i dokumentstrukturen er markert med ordet «aktiv» etter namnet i lista.
Disposisjonssporing
Set navigatormodusen for disposisjonssporing. Denne funksjonen gjeld berre for strukturinnlegg under i området «Innhald i navigasjonsvising». For å visa, slå på eller endra modusen, høgreklikkar du på eller eit element under «Overskrifter» og vel . Den valde modusen vert brukt på heile dokumentet.
I modus og vil navigatoren automatisk velja den næraste overskrifta framføre markøren.
I -modus vert visinga av disposisjonsoppføringane aldr endra, det vert berre vald ei disposisjonsoppføring.
I -modus viser navigatoren berre overskriftene på det valde disposisjonsnivået i høve til det neste, høgare disposisjonsnivået. Viss for eksempel ei overskrift på nivå 2 er vald, vert alle nivå 2 under den same nivå 1 overskrifta viste, medan overskrifter på nivå 3 - 10 (under den same nivå 1 overskrifta) er falda saman, altså ikkje viste. Også andre overskrifter som ikkje er under nivå 1, vert falda samane.
Vel for å slå av disposisjonssporinga.
Kopier
Kopierer overskrifta og innhaldet som følgjer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet tek også med avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er større enn den kopierte overskrifta. Du kan lima inn innhaldet ein annan stad i dokumentet.
Slett overskrift
Slettar overskrifta og innhaldet som følgjer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet tek også med avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er høgare enn den sletta overskrifta.
Vel
Merkjer overskrifta og innhaldet som følgjer overskrifta til neste overskrift med same disposisjonsnivå. Dette innhaldet tek også med avsnitt med disposisjonsnivå «Ingen» og overskrifter med disposisjonsnivå som er høgare enn den merkte overskrifta.
Vis
Merk dokumentet som du vil visa.
Rediger
Rediger eigenskapane for det valde objektet.
Gje nytt namn
Gjev nytt namn til det merkte objektet. Når objektet vert oppretta, tilordnar Collabora Office eit unikt namn til objektet i dokumentet.
Slett tabell
Slettar den merkte tabellen.
Tabellsporing
Merk av for denne for å ta med tabellar ved sporing av endringar.
Slett ramme
Slettar ramma med innhaldet.
Rammesporing
Merk av for denne for å ta med rammer ved sporing av endringar.
Bolksporing
Merk av for denne for å ta med bolkar ved sporing av endringar.
Slett bilete
Slett biletet.
Biletsporing
Merk av for denne for å ta med bilete ved sporing av endringar.
Slett OLE-objekt
Slett OLE-objektet.
OLE-objektsporing
Merk av for denne for å ta med OLE-objekt ved sporing av endringar.
Slett bokmerke
Slettar bokmerket.
Bokmerkesporing
Merk av for denne for å ta med bokmerke ved sporing av endringar.
Slett hyperlenkje
Slettar hyperlenkja.
Hyperlenkjesporing
Merk av for denne for å ta med hyperlenkjer ved sporing av endringar.
Slett referanse
Slett referansen.
Referansesporing
Merk av for denne for å ta med referansar ved sporing av endringar.
Oppdater
Oppdater indeksen.
Fjern
Fjernar indeksen. Innhaldet i indeksen vert ikkje fjerna, men vert ikkje handsama som indeks.
Skriveverna
Merk av i denne boksen for å hindra manuell redigering av indeksinnhaldet.
Slett register
Slettar indeksen.
Registersporing
Merk av for denne for å ta med indeksar ved sporing av endringar.
Slett merknadar
Slettar merknaden.
Merknadssporing
Merk av for denne for å ta med merknadar ved sporing av endringar.
Slett teikneobjekt
Slettar teikneobjektet.
Teikneobjektsporing
Merk av for denne for å ta med teikneobjekt ved sporing av endringar.
Slett felt
Slett feltet.
Feltsporing
Merk av i denne avkryssingsboksen for å ta med felt når endringane skal sporast.
Slett fotnote
Slett fotnoten.
Fotnotesporing
Merk av for denne for å ta med fotnotar ved sporing av endringar.
Slett sluttnote
Slett sluttnoten.
Sluttnotesporing
Merk av for denne for å ta med sluttnotar ved sporing av endringar.
Sorter alfabetisk
Sorterer alle oppføringar i den valde kategorien alfabetisk. Fjern merket for dette alternativet for å sortera oppføringar i samsvar med rekkjefølgja dei vert viste i dokumentet.
Utvid eller gøym alle kategoriar
Viser eller gøymer visinga av objekt under den valde kategorien. Namn på dokumentobjekt vert viste under kategorioppføringen. Klikk på ei oppføring for å gå til objektet i dokumentet.
Gå til
Går til det valde objektet i dokumentet.