Verktøylinja
Verktøylinja inneheld ofte brukte funksjonar.
Vis større
Aukar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Eit utval av forstørringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen på skrivebordet inneheld også kommandoar for forstørringar.
Vis mindre
Minskar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Eit utval av forstørringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen på skrivebordet inneheld også kommandoar for forstørringar.
Vis alle Optimal vising
Visar heile formelen så stort som mogleg når alle elementa skal vera med. Formelen vert auka eller minska så mykje at alle formelelementa kan visast på arbeidsområdet. Den gjeldande forstørringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan få opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. Også sprettoppmenyen på skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.
Endrar storleiken på visinga slik at det vert plass til alle objekta på lysbiletetsida.
Oppdater
Denne kommandoen oppdaterer formelen i dokumentvindauget.
Innhaldet i kommandovindauget vert oppdatert automatisk med endringar dersom Oppdater visinga automatisk er slått på.
Formelpeikar
Her kan du slå av eller på formelmerket. Når formelmerket er slått på, vert det markert med ei tynn ramme i formelen kvar i Kommandovindauget han står.