Snøggtastar (tilgjenge i Collabora Office Math)
Du kan arbeida med Collabora Office Math utan å bruka musa.
Setja inn ein formel direkte
Dersom du vil setja inn ein formel i eit tekstdokument og allereie veit korleis han skal skrivast inn på rett måte, kan du gjera dette:
-
Skriv inn formelen i teksten
-
Marker formelen
-
Vel kommandoen .
Setja inn ein formel frå eit vindauge
-
Dersom du vil bruka grensesnittet i Collabora Office Math til å redigera ein formel, vel du med ingen tekst merkt.
-
Skrivemerket vert plassert i kommandovindauget der du kan skriva inn formelen.
-
Du kan laga dine eigne formlar i elementvindauget. Viss det ikkje er opna frå før, opnar du det frå menyen Vis → Element.
-
Viss elementvindauget er opna, brukar du tasten F6 for å byta mellom kommandovindauget og elementvindauget.