Lysbilete
Denne menyen vert brukt for handsaming av lysbilete og funksjonar for navigering.
Slett lysbilete
Slettar dei valde lysbileta/det valde lysbiletet.
Lagra bakgrunnsbiletet
Viss lysbiletet har eit bakgrunnsbiletet, kan du bruka dette alternativet for å lagra bakgrunnsfila som høyrer med i biletet.
Set bakgrunnsbilete
Opnar ein filutforskar for å velja ei biletfil som skal brukast som bakgrunn i det gjeldande lysbiletet.
Nytt hovudlysbilete
Lagar eit nytt hovudlysbilete. Denne funksjonen er berre tilgjengeleg i Hovedutformingsvising.
For å gå inn i hovedutformingsvisinga, gå til Vis → Hovudlysbilete. Du går ut av hovedutformingsvisinga med Vis → Normal.
Slett hovudutforming
Slettar det gjeldande hovudlysbiletet. Denne funksjonen er berre tilgjengeleg i Hovedutformingsvising.
Bakgrunn for hovudlysbiletet
Denne innstillinga gjev deg høve til å visa eller gøyma bakgrunnsbiletet definert i hovudlysbiletet.
Hovudobjekt
Dette valet gjev deg høve til å visa eller gøyma objekt definerte i hovudlysbiletet.
Hovudelement
Viser eit dialogvindauget der desse elementa frå hovudlysbiletet kan slåast på og av:
-
Overskrift
-
Dato/klokkeslett
-
Botntekst
-
Lysbiletnummer
Vis lysbilete
Viss eit lysbilete er gøymd, vil denne funksjonen gjera det synleg igjen.
Gøym lysbilete
Viss eit lysbilete er synleg, vil denne funksjonen gøyma det.
Endra namn på lysbilete
Opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn eit namn på det gjeldande lysbiletet.
Gå til sist redigerte lysbilete
Gå til det lysbiletet som sist vart redigert i dokumentet.
Flytt
Viser ei liste over flytteoperasjonar du kan bruka på det gjeldande lysbiletet:
-
Lysbilete til start: Flyttar det gjeldande lysbiletet fremst.
-
Lysbilete opp: Flyttar det gjeldande lysbiletet éin plass opp i presentasjonen.
-
Lysbilete ned: Flyttar det gjeldande lysbiletet éin plass ned i presentasjonen.
-
Lysbilete til slutten: Flyttar det gjeldande lysbiletet til den siste posisjonen.
Naviger
Viser ei liste med funksjonar som kan brukast for å navigera gjennom lysbileta:
-
Til første lysbilete: Vel det første lysbiletet I presentasjonen.
-
Til førre lysbilete: Går til det førre lysbiletet i høve til det gjeldande lysbilete.
-
Til neste lysbilete: Går til det neste lysbiletet i høve til det gjeldande lysbilete.
-
Til siste lysbilete: Går til det siste lysbiletet i presentasjonen.