Disposisjonslinja
I disposisjonsvising inneheld disposisjonslinja ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.
Senk Disposisjonsnivået
Flyttar ei kapitteloverskrift der markøren er plassert eller merkte kapitteloverskrifter, eitt disposisjonsnivå ned. Flyttar eit listeavsnitt der markøren er plassert eller merkte listeavsnitt, eitt listenivå ned.
Hev disposisjonsnivået
Flyttar ei nummerert overskrift der markøren er plassert eller merkte kapitteloverskrifter, eitt disposisjonsnivå opp. Flyttar eit listeavsnitt der markøren er plassert eller merkte listeavsnitt, eitt listenivå opp.
Flytt element nedFlytt ned
Flyttar avsnittet der markøren er plassert, eller det merkte avsnittet, til etter neste avsnitt.
Flytt element oppFlytt opp
Flyttar avsnittet der markøren er plassert, eller det merkte avsnittet, til framføre det førre avsnittet.
Vis formatering
Viser eller gøymer teiknformatering av lysbiletoverskrifter. Opna Stilhandsamaren, høgreklikk på ein stil og vel Endra for å endra teiknformateringa til ei overskrift.
Vis berre første nivå
Gøymer alle overskriftene utanom tittelen på lysbileta i lysbiletframsyninga. Gøymde overskrifter vert viste med ei svart linje framom ein lysbilettittel. Trykk på knappen Alle nivå for å visa overskriftene.
Vis alle nivå
Viser dei gøymde lysbileteoverskriftene i lysbiletframsyninga. Trykk på knappen Første nivå for å gøyma alle overskriftene i lysbiletframsyninga med unntak av lysbilettitlane.
Gøym underpunkt
Gøymer underoverskriftene til ei valt overskrift. Gøymde underoverskrifter vert viste med ei svart linje framom overskrifta. Trykk på knappen Vis undernivå for å visa overskriftene på lågare nivå.
Vis underpunkt
Viser dei gøymde underoverskriftene til ei vald overskrift. Trykk på Gøym undernivå for å gøyma underoverskriftene til ei vald overskrift.