Bruk av snøggtastar i Collabora Office Impress
Du kan bruka tastaturet for å få tilgang til kommandoar i Collabora Office Impress og for å navigera gjennom arbeidsområdet. Collabora Office Impress brukar dei same snøggtastane som Collabora Office Draw for å laga teikneobjekt.
Merking av plasshaldarar
Collabora Office Impress Autoutforming brukar plasshaldarar for lysbilettitlar, tekst og objekt. For å velja ein plasshaldar, trykk KommandoCtrl + Enter. For å flytta til neste plasshaldar, trykk KommandoCtrl + Enter igjen.
Viss du trykkjer KommandoCtrl + Enter etter at du har nådd den siste plasshaldaren i eit lysbilete, vert eit nytt lysbilete sett inn etter det gjeldande lysbiletet. Det nye lysbiletet brukar same utforminga som det gjeldande lysbiletet.
Under ei lysbiletframvising
Starta ei lysbiletframvising
For å starta ei framsyning frå byrjinga, trykk F5.
For å starta ei framsyning frå det gjeldande lysbiletet, trykk Shift + F5.
Gå fram til det neste lysbiletet eller til den neste animasjonseffekten
Mellomromstast
Gå fram til det neste lysbiletet utan å spela av objektanimasjonseffektar
OpsjonAlt + Page Down
Gå tilbake til førre lysbilete
OpsjonAlt + Page Up
Gå til eit bestemt lysbilete
Skriv inn sidenummeret for lysbiletet og trykk på Enter.
Stoppa lysbiletframvisinga
Escape eller -.
Lysbiletsortering
Når du første gongen byter til «Lysbiletsortering», trykk på Enter for å skifta tastaturfokus til arbeidsområdet. Elles kan du trykkja F6 for å navigera til arbeidsområdet og så trykkja Enter.
Merking og oppheving av merking av lysbilete
Bruk piltastane for å navigera til lysbiletet du vil merkja og trykk på mellomromstasten. Du kan leggja fleire val til utvalet ved å bruka piltastane for å navigera deg fram til lysbileta du vil leggja til og trykkja mellomromstasten igjen. Du fjernar merkinga for eit lysbilete ved å navigera til lysbiletet og trykkja på Mellomromstast.
Kopiera eit lysbilete:
-
Bruk piltastane for å finna fram til lysbiletet du vil kopiera og trykk deretter på KommandoCtrl + C.
-
Gå til lysbiletet der du vil lima inn det kopierte lysbiletet og trykk KommandoCtrl + V.
Flytta eit lysbilete:
-
Bruk piltastane for å finna fram til lysbiletet du vil flytta og trykk deretter på KommandoCtrl + X.
-
Set markøren der du vil flytta biletet til og trykk KommandoCtrl + V.
-
Vel Framføre eller Etter det gjeldande lysbiletet og klikk på OK.