Tilpassa lysbiletvising
Lagar ei tilpassa lysbiletframvising ved å bruka lysbilete som allereie er i presentasjonen. Du kan då velja lysbilete som oppfyller krava til publikumet. Du kan laga så mange tilpassa lysbiletframvisingar du vil.
Les hjelpsida Laga ei tilpassa lysbiletframvising for å læra meir om korleis du set opp dine eigne, tilpassa lysbiletframsyningar.
Liste over tilpassa lysbiletframvisingar
Viser kva for tilpassa lysbiletframvisingar som er tilgjengelege.
For å oppretta ei tilpassa lysbiletframvising, trykkjer du på Ny.
Starta ei tilpassa lysbiletframvising
-
Vel ei tilpassa lysbiletframvising frå lista.
-
Trykk på Start.
Ny
Rediger
Legg til, fjern eller omorganiser lysbilete og endra namnet på den tilpassa lysbiletframvisinga som er vald.
Kopier
Lag ein kopi av den valde tilpassa lysbiletframvisinga. Du kan endra namnet på framvisinga ved å trykkja på Rediger.
Start
Køyrer den valde tilpassa lysbiletframvisinga.
