Innstillingar for lysbiletframvisinga
Definerer innstillingar for lysbiletfremvisinga, og korleis ho skal visast, kva lysbilete du skal byrja frå, måten du skifter lysbileta på, og om du vil bruka presentasjonskonsollen eller fjernstyra visinga.
Område
Vel kva lysbilete som skal takast med i lysbiletframvisinga.
Alle lysbileta
Ta med alle lysbileta i framvisinga.
Frå:
Oppgje nummeret på det lysbiletet som skal vera først i framvisinga.
Tilpassa lysbiletframvising
Start ei tilpassa lysbiletframvising med den rekkjefølgja du oppgav i Lysbiletframvising → Tilpassa lysbiletframvising.
Presentasjonsmodus
Vel lysbiletframvisingstype.
Fullskjerm
Lysbiletet vert vist over heile skjermen.
I eit vindauge
Lysbiletframvisinga vert vist i programvindauget til Collabora Office.
Vis om igjen etter
Start lysbiletframvisinga på ny etter pauseintervallet som er oppgjeve. Eit pausebilete vert vist mellom det siste og det første lysbiletet. Trykk Escape-tasten for å stoppa framvisinga.
Pausetid
Vel kor lang pausen skal vera før lysbiletframvisinga vert gjenteken. Skriv du inn null, vil framsyninga starta med ein gong, utan å visa eit pausebilete.
Vis logo
Vis Collabora Office-logoen på pausebiletet. Logoen kan ikkje bytast ut.
Innstillingar for presentasjonar
Slå av automatisk byte av lysbilete
Vel at lysbilete aldri skal skiftast automatisk.
Byt lysbilete ved å trykkja på bakgrunnen
Gå vidare til neste lysbilete når du trykkjer på bakgrunnen til eit lysbilete.
Musepeikar synleg
Vis musepeikaren under ei lysbiletframvising.
Musepeikar som penn
Endrar musepeikaren til ein penn som du kan bruka til å teikna på lysbileta under presentasjonen.
Alt du skriv med pennen vert verande i lysbiletet når du går ut av lysbiletvisinga. Eigenskapane til pennen kan endrast ved å velja kommandoen Pennbreidd eller Endra pennfarge i sprettoppmenyen medan du viser lysbileta.
Bruk animerte bilete
Vis animasjonar (GIF-filer) under lysbiletframvisinga. Viss dette ikkje er vald, vert berre det første biletet i animasjonen vist.
Hald alltid presentasjonen øvst
Collabora Office-vindauget vert halde øvst under presentasjonen. Ingen andre program vil visa sine vindauge over presentasjonen.
Redigering av lysbietframvisinga i live-modus
Når denne boksen er merkt, vil hovuddokumentvindauget i Impress vera slått på under presentasjonen. Brukarar kan halda fram med å redigera lysbiletinnhaldet, noko som speglar seg i den køyrande lysbiletframvisinga.
Vising
Som standard vert hovudskjermen brukt til lysbiletvisingsmodus. Viss det gjeldande skrivebordet vert vist på meir enn ein skjerm, kan du velja kva skjerm som skal brukast til lysbiletframvisingsmodus i fullskjerm. Viss det gjeldande skrivebordet berre går over ein skjerm, eller viss fleirskjermsmoglegheita ikkje er støtta på det gjeldande systemet, kan du ikkje velja ein annan skjerm.
Desse innstillingane vert lagra i brukaroppsettet og ikkje i dokumentet.
Presentasjonsvising
Vel ein skjerm som skal skal brukast for lysbiletframvising i fullskjerm.
Viss systemet tillèt å strekkja eit vindauge over alle dei tilgjengelege skjermane, kan du òg velja «Alle skjermar». I dette tilfelle vert presentasjonen fordelt på alle dei tilgjengelege skjermane.
Presentasjonskonsoll
Presentasjonskonsollen inneheld ekstra kontrollelement og verktøy som er nyttige for presentasjonen. Du kan velja å bruka han i vindauge- eller fullskjermmodus, eller slå han heilt av.
Vis navigasjonslinja
Med navigasjonslinja kan du styra presentasjonen med knappar nedst til venstre på skjermen, anten med musepeikaren eller direkte på skjermen viss du brukar ein berøringsskjerm.
Knappestorleik
Vel storleiken frå nedtrekkslista på knappane i navigeringslinja.
Fjernkontroll
Slå på fjernkontroll
Spesifiserer at du vil slå på Bluetooth-fjernkontrollen medan Impress køyrer. Fjern avmerkinga for Slå på fjernkontroll dor å slå av fjernkontrollen.
Last ned programmet
En lenkje fører deg direkte til tilgjengelege alternativ for å installera programmet på eininga di.
Slå på usikre Wi-Fi-tilkoplingar
Viss denne boksen er merkt, har Collabora Office Impress tilgang til usikre og ukrypterte koplingar via IP på alle grensesnitta.
Du kan berre opna usikre Wi-Fi-tilkoplingar når fjernkontrollen er slått på.
Det er ikkje tilrådd å bruka usikre Wi-Fi-tilkoplingar i offentleg samanheng.
