OpenCL
Open CL er ein teknologi for å auka farten ved utrekninga av store rekneark.
OpenCL™ er den første opne lisensfrie standarden for parallellprogrammering av moderne prosessorar som er brukte i personlege datamaskiner, tenarar og i handhalde utstyr. OpenCL (Open Computing Language) aukar farten og responstidene for eit stort spektrum av program i mange ulike marknadskategoriar, frå spel og underhaldning til vitskaplege og medisinske program.
Du finn meir informasjon (på engelsk) om OpenCL på the OpenCL site
Som standard er OpenCL slått på i Collabora Office. Medan OpenSL er slått på, brukar OpenCL GPU-en (grafikkhandsamingseininga) i datamaskinen for å gjera utrekningane raskare. Dette er nyttig når du arbeidar med store rekneark i Collabora Office Calc som krev utrekningar på store datasett.
OpenCL-val
Viss OpenCL er slått på, viser dialogvindauget OpenCL er tilgjengeleg for bruk. Viss OpenCL ikkje er slått på, vert det vist OpenCL er ikkje i bruk.
Tillat bruk av OpenCL
Merk av eller fjern merkinga i denne avkryssingsboksen for å slå av eller på OpenCL. Vel «Bruk» eller «OK» for å oppdatera innstillingane. For at desse endringane skal verta tekne i bruk, må Collabora Office startast på nytt.
OpenCL er avhenig av fungerande drivarar er tilgjengelege i datamaskinen. Viss OpenCL ikkje vert slått på som standard, kan det henda at drivarane ikkje fungerer, manglar eller ikkje er installerte.