Generelt
Definerer dei generelle innstillingane for teiknings- og presentasjonsdokument.
Tekstobjekt
Tillat snøggredigering
Dersom denne er på, kan du redigera teksten like etter at du har klikka på eit tekstobjekt. Dersom denne er av, må du dobbeltklikka for å kunna redigera teksten.
Berre tekstområdet kan merkast
Gjer at eit tekstfelt vert merkt ved å trykkja på teksten.
I eit område av eit tekstfelt som ikkje er fylt med tekst, kan du velja å merkja eit objekt bak tekstfeltet.
Innstillingar
Bruk mellomlager for bakgrunnen
Vel om du vil bruka mellomlageret når du skal visa objekt på hovudlysbiletet. Dette gjer at innhaldet vert vist snøggare på skjermen. Fjern avkryssinga for Bruk mellomlager for bakgrunnen dersom du vil visa innhald som endrar seg, på hovudlysbiletet.
Kopier ved flytting
Viss denne er slått på, vert det laga ein kopi når du flyttar eit objekt medan du held nede . Det same gjeld når du roterer eller endrar storleik på objektet. Det opphavlege objektet vert verande på den opphavlege plasseringa med uendra storleik.
Objekter alltid flyttbare
Vel om du vil flytta eit objekt når roteringsverktøyet er slått på. Dersom ikkje Objekt alltid flyttbare er valt, kan roteringsverktøyet berre brukast til å rotera eit objekt.
Ikkje forvreng objekt i kurve (gjeld berre på teikningar)
Beheld den relative justeringa av bézierpunkt og teikneobjekt i 2D når du forvrenger objektet.
Måleeining
Determines the Måleeining for presentasjonar.
Tabulatoravstand
Bestemmer avstanden mellom tabulatorane.
