Rutenett
Set rutenettinnstillingane for å laga og flytta objekt.
Dersom du har slått på fest til rutenett, men ønskjer å flytta eller laga einskilde objekt utan å avgrensa desse til rutenettet, kan du halda nede «Shift»-tasten så lenge det er nødvendig.
Fest
Til festelinjer
Festar kantane på eit drege objekt til den næraste festelinja når du slepp museknappen.
Du kan også slå på denne innstillinga ved å trykkja på knappen som kjem fram på verktøylinja Innstillingar til ein presentasjon eller eit teiknedokument.
Til sidemargane
Bestemmer om omrisset av det grafiske objektet skal justerast i høve til den næraste sidemargen eller ikkje.
Markøren eller ei konturlinje for biletobjektet må vera i festeområdet.
I ein presentasjon eller i ei teikning kan du også slå på denne funksjonen ved hjelp av knappen på verktøylinja Innstillingar.
Til objektramma
Bestemmer om omrisset av det grafiske objektet skal justerast i høve til kanten av det næraste grafiske objektet eller ikkje.
Markøren eller ei omrisslinje til det grafiske objektet må vere innføre festeområdet.
I ein presentasjon eller i ei teikning kan du også slå på denne funksjonen ved hjelp av knappen på verktøylinja Innstillingar.
Til objektpunkta
Bestemmer om omrisset av det grafiske objektet skal justerast i høve til punkt på det næraste grafiske objektet eller ikkje.
Denne gjeld berre dersom markøren eller omrisset av det grafiske objektet er innføre festeområdet.
I ein presentasjon eller i ei teikning kan du også slå på denne funksjonen ved hjelp av knappen på verktøylinja Innstillingar.
Festeområdet
Definerer festeområdet mellom musepeikaren og omrisset av objektet. I Collabora Office Impress vert objekta fest til eit festepunkt viss musepeikaren er nærare enn avstanden som er vald i talboksen Festeområde.
Avgrens objekta
Når objektet vert oppretta eller flytt
Gjer at det grafiske objektet er avgrensa vassrett, loddrett og diagonalt (45°) når det vert laga eller når det vert flytt. Du kan slå av denne innstillinga ved å halda nede Shift-tasten.
Utvid kantane
Gjer at det vert laga eit kvadrat basert på den lengste sida i eit rektangel når Shift-tasten vert halde nede før du slepp opp museknappen. Dette gjeld også for ein ellipse som vil laga ein sirkel basert på den lengste diameteren i ellipsen. Når boksen Utvid kantar ikkje er avmerkt, vert det laga eit kvadrat eller ein sirkel basert på den kortaste sida eller diameteren.
Ved rotering
Gjer at grafiske objekt berre kan roterast innføre den rotasjonsvinkelen som er vald i kontrollen Ved rotering. Hald nede Shift-tasten når du roterer for å kunna rotera objektet utanfor den definerte vinkelen. Slepp tasten når du er ferdig.
Punktreduksjon
Bestemmer vinkelen for punktreduksjon. Det kan vera nyttig å redusera redigeringspunkta når du arbeider med mangekantar.