Vis
Vel kva for element i hovudvindauget til Collabora Office Calc som skal visast. Du kan også visa eller gøyma markering av verdiar i tabellen.
Vis
Vel ulike innstillingar for skjermvisinga.
Formlar
Bestemmer om formlar skal visast i staden for resultat i cellene.
Nullverdiar
Bestemmer om tal med verdien 0 skal visast.
Merknadsmerke
Her kan du bestemma at det skal setjast inn ein liten trekant i øvre, høgre hjørne i cella for å visa at det finst ein merknad til cella. Merknaden vert berre vist dersom du slår på tips under Collabora Office → Generelt i dialogvindauget for innstillingar.

For å vise ein merknad permanent, vel Vis merknad frå lokalmenyen til cella.
Du kan skriva og redigera merknadar ved hjelp av kommandoen Set inn → Merknad. Merknadar som vert viste permanent, kan redigerast ved å klikka i merknadsboksen. Kikk på navigatoren. Under merknaden kan du sjå alle merknadane i det gjeldande dokumentet. Dersom du dobbeltklikkar på ein merknad, vil markøren hoppe til den cella som inneheld merknaden.
Merknad forfattarskap
Viss denne boksen er merkt av, vert forfattaren av merknaden og datoen og klokkeslettet då merknaden vart laga vist i merknadsvindauget når du held musepeikaren over ein merknad.
Forfattarnamnet vert vist slik det er i felta Fornamn og Etternamn i dialogvindauget Brukardata. Viss desse felta er blanke, vert forfattarnamnet vist som «Ukjend forfattar». Oppdatering av brukardataa påverkar berre merknadar laga etter oppdateringa.
Formelindikator og hint
Teiknar ein blå trekant nedst til venstre i ei celle som inneheld ein formel. Når du held peikaren over den blå trekanten, vert formelen vist i ei hjelpeboble sjølv om ei anna celle er merkt.

Verdiutheving
Merk feltet Uthev verdiar for å visa celleinnhald med ulike fargar avhengig av typen. Tekstceller er vert viste i svart, formlar i grønt, talceller i blått og verna celler med ein lysegrå bakgrunn, uavhengig av korleis visinga er formatert.
Når dette valet er slått på, vert dei fargane du sjølv har lagt til i dokumentet ikkje viste før du slår av funksjonen.
Utheving av kolonne/rad
Når denne kommandoen er i bruk, vert kolonnen og rada til ei merkt celle utheva. Viss det er merkt fleire celler, vert berre kolonnen og rada for den første cella utheva.

Uthev celler i redigeringsmodus
Når denne kommandoen er i bruk, vert bakgrunnen i ei celle utheva når ho er i redigeringsmodus.

Anker
Bestemmer om ankerikonet skal visast når eit innsett objekt, som for eksempel eit biletobjekt, er merkt.

Vis referansane i fargar
Gjer at kvar referanse er merkt med ein farge i formelen. Celleområdet vert også omgjeve av ein farga kant så snart cella som inneheld referansen er merkt for redigering.

Visuell hjelp
Bestemmer kva for linjer som skal visast.
Rutenettlinjer
Spesifiserer når rutenett skal visast. Som standard vert rutenettet berre vist på celler som ikkje har bakgrunnsfarge. Du kan velja at rutenettet skal visast også når cellene har bakgrunnsfarge, eller å gøyma det. For utskriving, vel Format → Side → Ark og merk av i avkryssingsboksen Rutenett.
Peikar
Spesifiserer om Collabora Office Calc skal bruka standardpeikaren frå systemet eller peikarstilen som høyrer til ikontemaet.
Tema
Vis markøren slik han er definert i ikontemaet, til vanleg ein feit kross.

System
Vis markøren slik han er definert i ikontemaet, til vanleg ei pil.

Sideskift
Bestemmer om sideskift inne i eit definert utskriftsområde skal visast.
Hjelpelinjer under flytting
Bestemmer om hjelpelinjene skal visast når du flyttar teikningar, rammer, bilete og andre objekt. Hjelpelinjene gjer det lettare å plassera objekta.
Objekt
Bestemmer om du vil visa eller gøyma objekt for opp til 3 objektgrupper.
Objekt/bilete
Bestemmer om objekt og bilete skal visast eller gøymast.
Diagram
Bestemmer om diagram skal visast eller gøymast.
Teikneobjekt
Bestemmer om teikneobjekt skal visast eller gøymast.
Vindauge
Bestemmer om nokre hjelpeelement skal visast i tabellen eller ikkje.
Kolonne- og radoverskrifter
Bestemmer om rad- og kolonneoverskrifter skal visast eller ikkje.
Vassrett tullefelt
Bestemmer om det skal setjast inn eit loddrett rullefelt til høgre i dokumentvindauget.
Loddrett rullefelt
bestemmer om det skal setjast inn eit loddrett rullefelt til høgre i dokumentvindauget.
Arkfaner
Her bestemmer du om arkfanene nedst på arket skal visast. Viss dette feltet ikkje er merkt, er det berre råd å byte mellom arka ved å bruka .
Disposisjonssymbol
Viss du har definert ein , vil disposisjonssymbolet bestemma om symbolet skal visast på kanten av arket.
Samandrag av søkjet
Viss denne boksen er merkt, vert det opna eit vindauge med søkjeresultat når du vel i . Boksen med søkjeresultata viser kor mange samsvarande søkjeresultat og lister:
-
arket der kvart resultat er funne;
-
cella der kvart resultat er lagt inn; og
-
innhaldet i cella som inneheld kvart resultat.
Viss du fjernar merket for i søkjeresultatvindauget, vert denne funksjonen slått av.
Skalering
Synkroniser ark
Dersom denne er avkryssa, vert alle arka viste med same forstørringa. Er det ikkje avkryssa her, kan kvart ark verta vist med ulik forstørring.