Rutenett
Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.
Rutenett
Fest til rutenettet
Vel om berre rammer, teikneelement og kontrollelement skal flyttast mellom rutenettpunkta. For å endra status for festenettet berre for den gjeldande økta, dra objektet medan du held nede .
Vis rutenett
Bestemmer om rutenettet skal visast eller ikkje.
Oppløysing
Vassrett
Bestemmer måleeininga for avstanden mellom rutenettpunkta på X-aksen.
Loddrett
Bestemmer måleeininga for avstanden mellom rutenettpunkta på Y-aksen.
Inndeling
Vassrett
Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.
Loddrett
Skriv inn nummeret på den siste posten som skal takast med i brevflettinga.
Synkroniser ark
Vel om du vil endra dei gjeldande rutenettinnstillingane symmetrisk. Oppløysinga og inndelingane på X- og Y-aksen vert ikkje endra.