Automatisk bilettekst
Bestemmer innstillingane for bilettekstar som vert lagt til automatisk i innsette objekt.
Legg til bilettekst automatisk ved innsetjing
Slå på objekttypen/-typane som innstillingane for automatisk bilettekst vert brukte på.
Rekkjefølgja for bilettekst
Bestem rekkjefølgja i biletteksten: kategorietikett først eller nummereringa først.
Bilettekst
Definer alternativa som skal brukast for den valde objekttypen. Desse alternativa er identiske med dei i menyen , som er tilgjengeleg når eit objekt er merkt. Resultatet av dei valde innstillingane vert viste i vindauget for førehandsvising.
Kategori
Spesifiserer kategorien for det merkte objektet.
Nummerering
Set kva nummereringstype som krevst.
Etter nummeret
Spesifiserer valfrie tekstteikn som skal visast mellom bildttekstnummeret og kategorien. Dette valet er tilgjengeleg berre når er vald for bilettekstrekkjefølgja.
Før biletteksten
Definer valfritt tekstteikn som vert vist etter bilettekstkategorien og bilettekstnummeret.
Stilling
Bestemmer plasseringa av biletteksten i høve til objektet.
Overskriftsnummer før bilettekstnummer
Opp til nivå
For typisk bruk av overskrifter, vil det vvalde talet indikera kor mange nivå av overskriftsnummer (frå nivå 1) som vert viste. Viss [Ingen] er vald, vert det ikkje vist overskriftsnummer.
Overskriftsnummeret som er vald for vising, er den første føregåande overskrifta der disposisjonsnivået er likt eller mindre enn det valde disposisjonsnivået. Vel for eksempel «2» for å bruka overskriftsnummeret til den første føregåande overskrifta med disposisjonsnivå 1 eller disposisjonsnivå 2.
Skiljeteikn
Definer teiknet som skal visast mellom overskriftsnummeret og bilettekstnummeret.
Kategori- og rammeformat
Teiknstil
Spesifiserer teiknstilen for bilettekstkategorien og bilettekstnummeret.
Legg til kantlinje og skugge
Legg til kantlinja og skuggen av objektet i bilettekstramma.