Tryggleik
Vel tryggleiksinnstillingar for å lagra dokument, for nettilkoplingar og for å opna dokument som inneheld makroar.
Tryggingsinnstillingar og åtvaringar
Opnar dialogvindauget «Tryggleiksval og åtvaringar».
Passord for nettilkoplingar
Du kan oppgje eit hovudpassord for snøgt å få tilgang til sider som krev brukarnamn og passord.
Lagra passord for tilkopling til Internett fortløpande
Vel at Collabora Office skal lagra alle passorda som du brukar for å få tilgang til filer på vevtenarar på ein trygg måte. Du kan seinare henta fram passorda frå ei liste ved å skriva inn hovudpassordet.
Gamle oppsett kan innehalda svakt krypterte passord, i tilfellet vert det vist ei infolinje når programmet byrjar å be om å skriva inn hovudpassordet igjen for å lagra det på nytt med ei sterkare kryptering.
Verna med eit hovudpassord (tilrådd)
Merk av for å verna alle tilkoplingspassorda med eit hovudpassord.
Hovudpassord
Opnar dialogvindauget «Oppgje hovudpassord».
Vis passord
Du vert spurd om hovudpassordet. Dersom du oppgjev det rette passordet, vert dialogvindauget «Lagra informasjon om nettilkopling» opna.
Dialogvindauget Lagra informasjon om nettilkopling viser ei liste over nettstadar og brukarnamn som du tidlegare har brukt. Du kan velja og fjerna oppføringar på lista. Du kan også sjå passorda for dei ulike oppføringane.
Makrotryggleik
Tilpass tryggleiksnivået for køyring av makroar og vel makroutviklarar du stolar på.
Makrotryggleik
Opnar dialogvindauget for Makrotryggleik.
