Tilgjenge
Vel innstillingar som kan gjera Collabora Office-programma meir tilgjengelege for brukarar som er syns- eller rørslehemma, eller som har andre funksjonshemmingar.
Ymse alternativ
Vel tilgjengealternativ.
Vis skrivemerket i skriveverna tekstdokument
Viser skrivemerket i skriveverna dokument.
Tillat animerte bilete
Førehandsviser animert grafikk, som for eksempel GIF-bilete, i Collabora Office.
Tillat animert tekst
Førehandsviser animert tekst, for eksempel blinking og rulling, i Collabora Office.
Val for høg kontrast
Høg kontrast er eit val i operativsystemet som endrar systemfargeoppsettet for å gjera det enklare å lesa. Du kan velja korleis Collabora Office skal bruka høgkontrast-vala i operativsystemet.
Cellegrenser og -skuggar vert alltid viste i tekstfargen når høg kontrast er slått på. Cellebakgrunnen vert då oversett.
Oppdag automatisk høgkontrast-oppsett i operativsystemet
Set Collabora Office i høgkontrastmodus når systembakgrunnen er svært mørk.
Bruk automatisk skriftfarge for skjermvising
Viser skrifter i Collabora Office med fargeinnstillingane til systemet. Dette påverkar berre visinga på skjermen.
Bruk systemfargane i førehandsvising
Brukar operativsystemet sine innstillingar for høg kontrast til førehandsvising av sider.
