Verktøylinja for skjemautforming
Verktøylinja for skjemautforming vert vist så snart du vel eit skjemaobjekt medan du arbeider i utformingsmodus.
Let deg byta mellom ulike måtar å forankra eit objekt til dokumentet på.
Vel
Med denne knappen byter du til og frå valmodusen, der du kan velja kontrollelement i skjemaet.
Utformingsmodus
Slår utformingsmodus av og på. Denne funskajonen vert brukt for raskt å kunna velja mellom Utforming- og brukarmodus. Slå på for å redigera kontrollelementa i skjemaet, slå av for å bruka kontrollelementa.
Eigenskapar for kontrollelement
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.
Skjemaeigenskapar
I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..
Skjemastruktur
Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.
Legg til felt
Opnar eit vindauge der du kan velja eit databasefelt du vil leggja til i skjemaet eller rapporten.
Aktiveringsrekkjefølgje
Opnar dialogvindauget Tabulatorrekkjefølgje slik at du kan endra kva rekkjefølgje kontrollfelta får fokus i når brukaren trykkjer på tabulatortasten.
Automatisk fokus på kontrollelement
Viss Automatisk fokus på kontrollelement er slått på, vert det første kontrollelementet for skjema vald når du opnar dokumentet. Viss det ikkje er på, vert teksten vald etter opninga av dokumentet. Tabulatorrekkjefølgja bestemmer kva som er det første kontrollelementet i skjemaet.
Hjelpelinjer ved flytting
Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.