Standardlinja
Standardlinja er tilgjengeleg i alle Collabora Office-program.
Opna fil
Opnar ei lokal eller ei ekstern fil, eller set inn tekst frå ei fil. Det er råd å opna fleire filer.
Lagra som
Lagra dokumentet på ein annan plass, med eit anna filnamn eller som ein annan filtype.
Send dokument som e-post
Opnar eit nytt vindauge i standardprogrammet for e-post med det gjeldande dokumentet som eit vedlegg med det oppsette filformatet. Viss dokumentet er nytt og ikkje lagra, vert formatet som er spesifisert i Collabora Office → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Last inn/lagra → Generelt brukt.
Redigeringsmodus
Gjer at du kan redigera eit skriveverna dokument eller ein databasetabell. Bruk valet Redigeringsmodus for å slå på redigeringsmodus.
Eksportert som PDF
Lagrar den gjeldande fila som Portable Document Format (PDF) versjon 1.4. Ei PDF-fil kan visast og skrivast ut på alle plattformer utan å endra originalformateringa viss dei nødvendige programma er installerte.
Skriv ut fil direkte
Trykk på knappen skriv ut fil direkte for å skriva ut dokumentet med gjeldande standardinnstillingar for utskrift. Desse finn du i dialogvindauget Skrivaroppsett som du kan opna med menykommandoen Skrivaroppsett.
Førehandsvising av utskrift
Viser ei førehandsvising av den utskrivne sida, eller lukkar førehandsvisinga i førehandsvisingsmodus.
Førehandsvising av utskrift
Viser ei førehandsvising av den utskrivne sida, eller lukkar førehandsvisinga i førehandsvisingsmodus.
Stavekontroll
Kontrollerar dokumentet eller den merkte teksten for stavefeil. Viss det er installert utviding for grammatikkontroll, vert det også kontrollert for grammatiske feil.
Automatisk stavekontroll av/på
Utfører stavekontroll automatisk medan du skriv og set strek under feil.
Lim inn
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja format.
Klon formatering
Merk noko tekst eller eit objekt og trykk på denne knappen. Klikk på eller dra over ein annan tekst, eller klikk på eit objekt, for å bruka den same formateringa.
Angra
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjenopprett
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.
Set inn tabell
Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.
Vis teiknefunksjonar
Trykk for å opna eller lukka verktøylinja for teikning, der du finn former, linjer, tekst og snakkebobler du kan bruka i dokumentet.
Datakjelder
Viser ei liste over databasar som er registrerte i Collabora Office og let deg handsama innhaldet i databasane.
Formateringsmerke
Viser teikn i teksten som ikkje vert skrivne ut. Dette kan vera teikn som avsnittsmerke, linjeskift, tabulatorinnrykk og mellomrom.
HTML-kjelde
Viser kjeldeteksten til gjeldande HTML-dokument. Denne visinga er tilgjengeleg når du lagar eit nytt HTML-dokument eller opnar eit tidlegare lagra dokument.
Vis teiknefunksjonar
Trykk for å opna eller lukka verktøylinja for teikning, der du finn former, linjer, tekst og snakkebobler du kan bruka i dokumentet.
Datakjelder
Viser ei liste over databasar som er registrerte i Collabora Office og let deg handsama innhaldet i databasane.
Set inn diagram
Lagar eit diagram i det gjeldande dokumentet.
Sorter stigande / sorter fallande
Sorterer det merkte området frå høgaste til lågaste eller frå lågaste til høgaste verdi. Sorteringa skjer etter den kolonnen der skrivemerket står.
Diagram
Lagar eit diagram i det gjeldande dokumentet.
Vis rutenett
Bestemmer om rutenettet skal visast eller ikkje.
Diagram
Lagar eit diagram i det gjeldande dokumentet.
Galleri
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Galleri
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Skaler og vis oppsett
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet. Du kan også velja visingsutforminga av dokumentet.
Skalering
Collabora Office Hjelp
Opnar hovudsida i Hjelp for Collabora Office for programmet som er i bruk. Du kan bla gjennom hjelpesidene. Du kan både søkja etter stikkord og ord i heile teksten.
Kva er dette?
Slår på utvida tips under musepeikaren slik at dei vert viste til neste klikk.
Kva er dette?
Last inn nettadresse
Les eit dokument som er peika på med ei innskrive nettadresse. Du kan skriva inn ei ny adresse, redigera ei tilgjengeleg adresse eller velja ei frå lista. Viser full sti til det gjeldande dokumentet.
Gjer Last inn nettadresse tilgjengeleg ved å trykkja på Synlege knappar (høgreklikk på verktøylinja).