Hjelp
Frå «Hjelpmenyen» kan du opna og bla i hjelpesystemet for Collabora Office.
Collabora Office Hjelp
Opnar hovudsida i Hjelp for Collabora Office for programmet som er i bruk. Du kan bla gjennom hjelpesidene. Du kan både søkja etter stikkord og ord i heile teksten.
Hjelp for Collabora Office
Brukarrettleiingar
Opnar dokumentasjonssida i nettlesaren der brukaren kan lasta ned, lesa eller skaffa seg brukarrettleiingar for Collabora Office.
Få hjelp på nettet
Opnar sida for brukarstøtte (på engelsk) i nettlesaren. Bruk denne sida til å spørja om bruk av Collabora Office. For profesjonell støtte med ytingsavtale besøk nettsida for professional Collabora Office support.
Send tilbakemelding
Opnar eit skjema (på engelsk) i nettlesaren der du kan rapportere feil i programmet.
Engasjer deg
Opnar sida «Get Involved» i nettlesaren. Sida viser interesseområde der du kan samarbeida med Collabora Office-fellesskapet.
Doner til Collabora Office
Collabora Office er eit gratis program, tilgjengeleg utan betaling.
Donasjonen din, som er heilt frivillig, støttar det verdsomspennande fellesskapet vårt.
Viss du likar programmet, vurder gjerne ein donasjon.
Lisensinformasjon
Viser dialogvindauget for lisensiering og juridisk informasjon.
Collabora Office-bidragsytarar
Viser dokumentet CREDITS.odt som inneheld namna på dei som har bidradd til kjeldekoden i OpenOffice.org (bidrag som også vart importert i LibreOffice) eller LibreOffice sidan 28.09.2010.
Sjå etter oppdateringar
Slå på ei internettkopling for Collabora Office. Dersom du treng Proxy, prøv Collabora Office Proxy-innstillingane i → Internett. Vel så Sjå etter oppdateringar for å sjå om det finst ein nyare versjon av kontorprogrammet.
Om Collabora Office
Viser generell programinformasjon som versjonnummer og opphavsrettar.