Vis
Denne menyen inneheld kommandoar for å kontrollera visinga av dokumentet på skjermen, endra brukargrensesnittet og få tilgang til sidepanela.
Vevoppsett
Viser dokumentet slik det vil sjå ut i ein nettlesar. Dette er nyttig når du lagar HTML-dokument.
Brukargrensesnitt
Opnar dialogvindauget Vel det brukargrensesnittet du vil bruka for å velja ønskt grensesnitt slik at du kan velja utforminga av grensesnittet for Collabora Office.
HTML-kjelde
Viser kjeldeteksten til gjeldande HTML-dokument. Denne visinga er tilgjengeleg når du lagar eit nytt HTML-dokument eller opnar eit tidlegare lagra dokument.
Verktøylinjer
Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka Collabora Office-kommandoar.
Rullefelt
Viser eller gøymer dei vassrette og loddrette rullefelta som vert brukte for å endra det synlege dokumentområdet som det ikkje er plass til i vindauget.
Rutenett og hjelpelinjer
Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt nøyaktig på sida.
Formateringsmerke
Viser teikn i teksten som ikkje vert skrivne ut. Dette kan vera teikn som avsnittsmerke, linjeskift, tabulatorinnrykk og mellomrom.
Tekstgrenser
Vis eller gøym grensene for området av sida som kan skrivast ut. Desse grenselinjene vert ikkje skrivne ut.
Tabellgrenser
Viser eller gøymer kantlinjene rundt tabellceller som det ikkje er sett inn kantlinjer rundt. Kantlinjene er berre synlege på skjermen og vert ikkje skrivne ut.
Vis blankteikn
Viser dokumentet med topp- og botnmargar, topp- og botntekst og eit mellomrom mellom sidene. Fjern merket for å falda saman alle elementa ovanfor og visa dokumentet i ein samanhengande sidestraum. Mellomromma kan gøymast berre i enkeltsidevisinga.
Feltskugge
Viser eller gøymer feltskuggar, harde mellomrom, mjuke bindestrekar, register og fotnotar.
Feltnamn
Byt mellom å visa feltnamn og feltinnhald i visinga av felt. Dersom det er kryssa av her, vert feltnamna viste. Viss ikkje, vert innhaldet vist. I nokre tilfelle kan ikkje feltinnhaldet visast.
Felt: Gøymde avsnitt
Viser eller gøymer gøymde avsnitt. Denne innstillinga påverkar berre skjermvisinga av gøymde avsnitt, ikkje utskrifta.
Sidefelt
Sidepanelet er eit loddrett grafisk brukargrensesnitt som først og fremst vert brukt for å setje kontekstuelle eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen, vise mediegalleriet og fleire funksjonar.
Stilar
Med stilhandsamaren kan du bruka, laga, redigera, leggja til og sletta formateringsstilar. Du kan ta i bruk ein stil ved å dobbeltklikka han.
Galleri
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Navigator
Viser eller gøymer «Navigator»-vindauget. Bruk «Navigator» for å raskt hoppa mellom ulike delar av dokumentet, eller veksla mellom opne filer.
Datakjelder
Viser ei liste over databasar som er registrerte i Collabora Office og let deg handsama innhaldet i databasane.
Fullskjerm
Viser eller gøymer menyane og verktøylinjene i Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm eller trykk på Escape-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.
Skalering
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.
Brukargrensesnitt
Opnar dialogvindauget Vel det brukargrensesnittet du vil bruka for å velja ønskt grensesnitt slik at du kan velja utforminga av grensesnittet for Collabora Office.
Verktøylinjer
Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka Collabora Office-kommandoar.
Formellinja
Viser eller gøymer formellinja, som vert brukt til å laga og redigera formlar. Formellinja er det viktigaste verktøyet når du arbeider med rekneark.
Rutenett og hjelpelinjer
Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt nøyaktig på sida.
Indikator for gøymde rader/kolonnar
Slår av og på visinga av merke når rader eller kolonnar er gøymde.
Frys rader og kolonnar
Deler arket ved øvre venstre hjørne av den merkte cella. Området oppe til venstre vert fryst, slik at det ligg i ro medan du brukar rullefelta.
Sidefelt
Sidepanelet er eit loddrett grafisk brukargrensesnitt som først og fremst vert brukt for å setje kontekstuelle eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen, vise mediegalleriet og fleire funksjonar.
Stilar
Med stilhandsamaren kan du bruka, laga, redigera, leggja til og sletta formateringsstilar. Du kan ta i bruk ein stil ved å dobbeltklikka han.
Galleri
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Navigator
Viser eller gøymer «Navigator»-vindauget. Bruk «Navigator» for å raskt hoppa mellom ulike delar av dokumentet, eller veksla mellom opne filer.
Funksjonsliste
Opnar ei rute i sidepanelet med ei liste som viser alle funksjonane som kan setjast inn i dokumentet.
Datakjelder
Viser ei liste over databasar som er registrerte i Collabora Office og let deg handsama innhaldet i databasane.
Fullskjerm
Viser eller gøymer menyane og verktøylinjene i Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm eller trykk på Escape-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.
Disposisjon
Byt til disposisjonsvising, der du kan omorganisera lysbileta og endra titlar og overskrifter.
Notat
Byt til notatvising, der du kan leggja til notat til lysbileta. Publikum får ikkje sjå notata når du viser presentasjonen.
Støtteark
Byt til støttearksida der du kan forminska lysbileta slik at dei får plass på ei utskriftsside.
Hovudlysbilete
Byter til hovudlysbiletvising, der du kan leggja til element du vil skal visast på alle lysbileta som brukar den same hovudutforminga.
Verktøylinjer
Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka Collabora Office-kommandoar.
Rutenett og hjelpelinjer
Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt nøyaktig på sida.
Hjelpelinjer for flytting av objekt
Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.
Merknadar
Vis eller gøym notat i presentasjonen.
Bakgrunn til hovudutforminga
Slår av og på visinga av bakgrunnen i hovudutforminga som skal brukast som bakgrunn i det gjeldande lysbiletet.
Hovudsideobjekt
Slår av og på visinga av bakgrunnen i hovudutforminga vist i det gjeldande lysbiletet.
Hovudelement
Legg inn topptekst, botntekst, dato og plasshaldarar for lysbiletnummer i hovudlysbiletet.
Sidefelt
Sidepanelet er eit loddrett grafisk brukargrensesnitt som først og fremst vert brukt for å setje kontekstuelle eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen, vise mediegalleriet og fleire funksjonar.
Stilar
Med stilhandsamaren kan du bruka, laga, redigera, leggja til og sletta formateringsstilar. Du kan ta i bruk ein stil ved å dobbeltklikka han.
Utklippsgalleriet
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Navigator
Viser eller gøymer «Navigator»-vindauget. Bruk «Navigator» for å raskt hoppa mellom ulike delar av dokumentet, eller veksla mellom opne filer.
Skalering
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.
Normal
Byt til normalvising av sida.
Hovudutforminga
Byt til vising av hovudutforminga.
Brukargrensesnitt
Opnar dialogvindauget for å setja utforminga av brukargrensesnittet.
Verktøylinjer
Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka Collabora Office-kommandoar.
Rutenett og hjelpelinjer
Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt nøyaktig på sida.
Merknadar
Vis eller gøym kommentarar på sida.
Sidefelt
Sidepanelet er eit loddrett grafisk brukargrensesnitt som først og fremst vert brukt for å setje kontekstuelle eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen, vise mediegalleriet og fleire funksjonar.
Stilar
Med stilhandsamaren kan du bruka, laga, redigera, leggja til og sletta formateringsstilar. Du kan ta i bruk ein stil ved å dobbeltklikka han.
Galleri
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Navigator
Viser eller gøymer «Navigator»-vindauget. Bruk «Navigator» for å raskt hoppa mellom ulike delar av dokumentet, eller veksla mellom opne filer.
Vis eller gøym Fargelinja.
Skift
Vert brukt for å flytta plasseringa av sida i vindauget. Når denne er slått på, vert utsjånaden til musepeikaren endra. Klikk på sida og dra til ønskt plassering.
Skalering
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.
Vis større
Aukar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Eit utval av forstørringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen på skrivebordet inneheld også kommandoar for forstørringar.
Vis mindre
Minskar visinga av formelen med 25 %. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Eit utval av forstørringar er tilgjengelege i sprettoppmenyen Sprettoppmenyen på skrivebordet inneheld også kommandoar for forstørringar.
Vis alle Optimal vising
Visar heile formelen så stort som mogleg når alle elementa skal vera med. Formelen vert auka eller minska så mykje at alle formelelementa kan visast på arbeidsområdet. Den gjeldande forstørringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan få opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. Også sprettoppmenyen på skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.
Endrar storleiken på visinga slik at det vert plass til alle objekta på lysbiletetsida.
Oppdater
Denne kommandoen oppdaterer formelen i dokumentvindauget.
Innhaldet i kommandovindauget vert oppdatert automatisk med endringar dersom Oppdater visinga automatisk er slått på.
Oppdater visinga automatisk
Bruk denne kommandoen til å oppdatera endra formlar automatisk. Dersom du ikkje vel dette, vert formelen berre oppdatert etter at du har trykt på Vis → Oppdater eller F9.
Element
Dette er ei liste over operatorar, funksjonar, symbol og formatering som kan setjast inn i ein formel.