Laga og endra standardmalar og tilpassa malar
Når du opnar eit nytt dokument med Fil → Ny(tt) vert det opna eit tomt dokument basert på ein Collabora Office-mal. Du kan redigera, forandra eller byta ut denne malen, så det nye dokumentet inneheld dei tilpassa stilane dine eller anna innhald.
Du kan definera dokumentsmalar til kvart Collabora Office-program.
Laga ein standardmal
-
Først opnar du ein Collabora Office-mal som finst frå før, eller du opnar eit nytt dokument. Du kan nå redigera dokumentet slik du vil ha den nye malen.
-
Lagra dokumentet med . I dialogvindauget skriv du inn namnet på malen og merkjer av for Set som standardmal før du lagrar han i kategorien Mine malar.
-
Neste gong du opnar eit nytt dokument, vil det bruka den nye standardmalen.
Endra ein standardmal
-
Bruk Filter for å velja dokumenttypen.
-
Standardmalen er merkt med ein grøn hake. Høgreklikk på denne malen og vel .
-
Når du opnar eit nytt dokument, vert den endra malen brukt.
Setja ein mal som standard
-
Vel .
-
Høgreklikk på malen du vil bruka som standard og vel .
Laga ein tilpassa mal
-
Først opnar du ein Collabora Office-mal som finst frå før, eller du opnar eit nytt dokument. Du kan nå redigera dokumentet slik du vil ha den nye malen.
-
Vel . Skriv eit namn på malen, vel ein malkategori og lagra han
Endra ein tilpassa mal
-
Vel .
-
Høgreklikk på malen som skal endrast og vel .
-
Gjer dei ønskte endringane og vel og lukk dokumentet.
Lagra ein mal i mappa for malar
Du kan lagra kva dokument som helst som mal ved å velja filtypen «mal» i dialogvindauget for lagring.For å få tilgang til malen frå malhandsamaren, må du lagra malen i mappa for malar vist i Brukarstiar i Malar i → Collabora Office → Stiar. Som oftast er det enklare å lagra dokumentet som mal med fordi malen då automatisk vert lagra i den rette mappa.
Den beste måten å arbeida med malar er å bruka Malhandsamare. Du kan opna malhandsamaren frå anten eller . Du kan også bruka tastekombinasjonen + Shift + N.