Skriva ut i svart-kvitt
Skriva ut tekst og bilete i svart-kvitt
-
Vel Fil → Skriv ut. Dette vil opna dialogvindauget Generelt.
-
Trykk på Eigenskapar for å opna eit dialogvindauge med eigenskapane til skrivaren du brukar.
-
Merk av for utskrift i svart-kvitt. Du finn fleire opplysningar i handboka til skrivaren du brukar.
-
Bekreft dialogvindauget Eigenskapar og trykk på Skriv ut.
Det gjeldande dokumentet vert nå skrive ut i svart-kvitt.
Skriva ut i svart-kvitt i Collabora Office Impress og Collabora Office Draw
-
Vel eller .
-
Vel deretter Skriv ut.
-
Under Utskriftskvalitet vel du anten Gråtoner eller Svart-kvitt og trykkjer på OK.
Når ei av desse innstillingane er vald, vert alle presentasjonar og teikningar skrive ut utan farge. Viss du ønskjer å skriva ut berre det gjeldande dokumentet i svart, vel innstillinga i Fil → Skriv ut → Collabora Office Draw/Impress.
Gråskala omformar alle fargane til opp til 256 toner frå svart til kvitt. All tekst vert skrive i svart. Ein bakgrunn sett med Format → Sideatil → Bakgrunn vert ikkje skrive ut.
Svart/kvitt omformar alle fargane til dei to verdiane svart og kvit. Alle kantane rundt objektet og all tekst vert skrive ut i svart. Ein bakgrunn sett med Format → Sidestil → Bakgrunn vert ikkje skrive ut.
Skriva ut berre tekst i svart-kvitt
I Collabora Office Writer kan du velja å skriva ut tekst formatert med fargar i svart-kvitt. Du kan velja å gjera dette anten for alle tekstdokument som vert skrive ut etterpå, eller berre for den gjeldande utskrifta.
Skriva ut alle tekstdokument med tekst i svart-kvitt
-
Vel eller .
-
Vel deretter Skriv ut.
-
Under Innhald vel du Skriv ut i svart-kvitt og trykkjer på OK.
Alle tekstdokument og HTML-dokument vert nå skrive ut med svart tekst.
Skriva ut det gjeldande tekstdokumentet med tekst i svart-kvitt
-
Vel Fil → Skriv ut og trykk deretter på fana Collabora Office Writer.
-
Merk av for Utskrift i svart og trykk Skriv ut.