Lasta inn farge-, fargeovergang- og skraveringspalettar
Du kan bruka Collabora Office-utvidingar for å leggja til fargepalettar, gradientlister eller skraveringsmønster.
Slik lastar du inn ein fargepalett:
Direkte frå utvidingshandsamaren
Viss du har ein sjølvvald palett tilgjengeleg som utviding, bruk utvidingshandsamaren for å lasta paletten inn i Collabora Office:
-
Open the Utvidingshandsamaren.
-
Trykk
-
Vel filtypen (til vanleg ei fil med filutvidinga oxt)
-
Trykk . Du vert beden om å starta Collabora Office på nytt.
Frå dialogvindauget «Område»
Ved å laste inn fargepalettar frå dialogvindauget «Område», får du eit dialogvindauge med alle fargepalettane som er tilgjengelege på nettstaden for Collabora Office-utvidingar.
-
Vel Format → Område og trykk på fana Fargar.
-
Trykk på knappen Legg til fargepalett via utvidingar. Det vert då vist eit dialogvindauge med alle tilgjengelege fargepalettar på utvidingssida Collabora Office.
-
Finn fargelista du vil lasta inn, og trykk deretter Installer.
-
Lukk dialogvindauget for utvidingar. Du vert beden om å starta Collabora Office på nytt.
Om palettane for standardfargar
Fargelista freieFarbe HLC er basert på CIELAB-modellen og er optimert for profesjonell CMYK-utskrift.
Fargane i kompatibilitets- og HTML-palettane er optimaliserte for skjermar med ei oppløysing på 256 fargar.
Palettane «LibreOffice» og «Material» inneheld dei offisielle Collabora Office- og Material Design-palettene.
Den «tonale» paletten gjev eit sett med fargar organisert etter luminanskontrast som fungerer på tvers av ulik maskinvare.