Fontwork til grafisk tekstkunst
Du kan bruka Fontwork for å laga grafisk tekstobjekt.
Slik lagar du eit Fontwork-objekt
-
Viss du ikkje ser verktøylinjene Teikning eller Fontwork, vel du for å slå på verktøylinja.
-
Trykk på ikonet Fontwork-galleriet på verktøylinja Teikning eller verktøylinja Fontwork.
Fontwork-galleri
-
Merk ein Fontworkstil i dialogvindauget Fontworkgalleri og trykk .
Fontwork-objektet vert sett inn i dokumentet. Fontwork-objekt er tilpassa former. Ved å bruka verktøylinja for 3D-innstillingar, kan du byta visinga mellom 2D og 3D.
-
Dobbeltklikk på objektet for å gå til tekstredigeringstilstand.
-
Byt ut Fontwork-teksten med din eigen tekst.
-
Trykk Escape for å gå ut av tekstredigeringstilstand.
Slik redigerer du eit Fontwork-objekt
-
Trykk på Fontwork-objektet. Viss objektet er sett inn i bakgrunnen, hald nede medan du trykker.
Verktøylinja Fontwork vert vist. Viss du ikkje ser Fontwork-verktøylinja, vel .
-
Trykk på ein knapp i verktøylinja Fontwork.
Desse knappane er tilgjengelege:
-
Fontwork-galleri – legg til eit nytt Fontwork-objekt,
-
Fontwork Form – redigerer forma,
-
Fontwork, lik bokstavhøgd – endrar høgda på teikna
-
Fontwork, justering – justerer teksten,
-
Fontwork, teiknavstand – endrar avstanden mellom teikn og kerning
Slik redigerer du fleire eigenskapar i Fontwork
-
Trykk på Fontwork-objektet. Viss objektet er sett inn i bakgrunnen, hald nede medan du trykker.
-
Vel dei eigenskapane du vil bruka frå verktøylinja Eigenskapar for teikneobjekt. Du kan endra linjebreidda, linjefargen, områdestil, fyll m.m.