Leggja til knappar på verktøylinjer
Slik gjer du ein knapp synleg i verktøylinja
Opna sprettoppmenyen for verktøylinja (høgreklikk) og vel og merk den knappen du vil visa.
Slik legg du til ein knapp i ei verktøylinje
-
Vel og trykk på fana Verktøylinjer.
-
Vel verktøylinja du vil endra i nedtrekksmenyen Mål.
-
Vel den kommandoen som skal leggjast til i feltet Tilgjengelege kommandoar. Bruk felta Kategori og/eller Søk for å avgrensa vala.
-
Trykk på symbolet Høgrepil for å leggja til den valde kommandoen.
-
Avkryssingsfeltet i lista over Tilordna kommandoar kontrollerer om kommandoen er synleg på verktøylinja eller ikkje.
-
Du kan også endra rekkjefølgja elementa vert viste i i lista Tilordna kommandoar ved å merkja ein kommando og bruka knappane Pil opp og Pil ned til å endra rekkjefølgja.
-
Trykk OK.