Kopiera bilete mellom dokument
Du kan kopiera eit bilete frå eit dokument til eit anna ved å bruka dra og slepp. Viss du har planar om å publisera dokumentet, må du vera merksam på lover om opphavsrett og få løyve frå dei som har opphavsretten til bileta.
-
Opna dokumentet du vil setja biletobjektet inn i.
-
Opna dokumentet som inneheld biletet du vil kopiera.
-
Klikk på biletet medan du trykkjer for å merkja det utan å opna hyperlenkja det viser til.
-
Hald museknappen inne og vent medan objektet vert kopiert til internminnet.
-
Dra biletet inn i det andre dokumentet.
-
Slipp museknappen når den grå tekstmarkøren er plassert der du vil setja inn ein kopi av biletet.
-
Viss biletet er kopla med ei hyperlenkje, vert hyperlenkja sett inn i staden for biletet.