Opna dokument
Opna eit dokument
Gjer éin av desse:
-
Vel
-
Vel
-
Trykk ei stund på symbolet Opna på standardverktøylinja og vel Opna ekstern fil nedst i lista.
Merk fila du vil opna og trykk på Opna.
Avgrens kva filer som skal visast
For å avgrensa kva filer som skal visast i dialogvindauget Opna til ein bestemt type, vel filtype i lista Filtype. For å visa alle filene, vel Alle filer.
Markørplassering
Som regel vert alle dokument opna med markøren plassert i byrjinga av dokumentet.
Eitt unntak er når forfattaren av eit Writer-tekstdokument lagrar og opnar dokumentet igjen. Markøren vil då vera der han var då dokumentet vart lagra. Dette gjeld berre når namnet på forfattaren er skrive inn i .
Trykk Shift + F5 for å setja markøren til den siste lagra posisjonen.
Opna eit tomt dokument
Trykk på knappen Ny på standardverktøylinja eller vel Fil → Ny(tt). Dette opnar eit dokument av den gjevne dokumenttypen.
Viss du trykkjer på pila ved sida av knappen Ny, kjem det opp ein undermeny der du kan velja ein annan dokumenttype.